For tolv år sidan kjøpte eg meg joggesko

Joggesko For tolv år sidan kjøpte eg meg joggesko og jogga meg ein tur. Like etter vart eg gravid og la skoa på hylla. Skoa på biletet er dei eg kjøpte i sommar. 

Eg trur aldri eg har sparka ball frivillig. Ikkje sleit eg ut sykkelen min heller.

Meiningar

Denne hausten har eg i grunnen vore ganske sur. Eg prøver å tenkje positivt og vere tolmodig, men det er vanskeleg. Det blir ikkje betre av at grunnen til at eg er sur, er eg skuld i sjølv.