Ordførar Knut Erik Engh:

– Vil inspirere oss for alltid

Frå avdukinga av Ragnar Ulstein-bysta i Ulsteinvik i april 2016.  Foto: Jorulf Myrene

Meiningar

Då det vart kjent at Ragnar Ulstein døydde tysdag morgon, la ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, ut følgjande ord på Ulstein kommune si nettside:

Ulstein kommune har med sorg motteke meldinga om at motstandsmann, journalist og krigshistorikar Ragnar Ulstein er død.

Under andre verdskrigen var Ulstein blant dei første som gjekk inn i Kompani Linge. I tiåra etter krigen gjorde han ein ruvande innsats ved å formidle motstandskampen og krigsopplevingane til svært mange nordmenn, også frå heimbygda.

Vi er djupt takksame for livsverket til Ragnar Ulstein. I dag minnest vi orda dåverande forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide sa til Ragnar Ulstein i 2016 då bysta av han vart avduka i Ulsteinvik:

«Du er ein bauta! Det brann i deg ein eld som ingen skulle få sløkke. Ei urokkeleg tru på dei verdiane vi i dag har tufta samfunnet vårt på: fridom, demokrati, toleranse og menneskeverd. Noko av det som imponerer meg mest, er korleis du – då krigen var over og hemntankane sterke – reiste deg opp av okkupasjonens oske og tok avstand frå gjengjelding og dårleg behandling av tyskarane. Fordi slikt var i strid med verdiane til demokratiet.»

Det glødande engasjementet for fred og fridom prega Ragnar Ulstein heilt til det siste og vil inspirere oss for alltid.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein