Kven må vi hylle og markere?

Lat stå: Ta vare på den gamle realskulen og la den stå som ein bauta over Thorvald og Judit Bjørndal som var med på å opne dørene til høgare utdanning for mang ein ungdom frå bygdene her omkring, meiner Magne Grimstad.  Foto: Arkiv.

Meiningar

Eg har registrert arbeidet med å få gjort murbygget “Bjørndals minne” minneverdig, brukt og selt til den eller dei som vil ta vare på dette ekstra velbrukte skulehuset. I 1955 stod det ferdig til bruk.

Dette vekkjer sterke minne hos meg som kom hit til Ulstein i 1954, og vart lærar i den private realskulen, som far til Thorvald Bjørndal hadde gitt gratis tomt til, og eldste sonen, Magnus, hadde gitt 50 000 kr til kommunen, for å bygge eit bibliotek.

Arne, bror min, hadde gått i skule hos Thorvald i den tida Thorvald og Judit dreiv den private “mellomskulen “ ute på SUF. Dei møttest til Samtale i 1950.

Bjørndal ville vite om han kjende nokon grimsting som kunne bli norsklærar i skulen hans. Bror min fortalde at eg (mg) nett hadde teke lærareksamen dette året. “Ja, send han hit, så eg får sjå kva kar han er”, sa Thorvald.

Eg møtte Thorvald som ledig og søkjande lærar. Torvald sette meg til arbeids, utan skriftleg søknad. Saman med han og Judit og andre kollega hadde eg 15 rike og gode år i Ulstein realskule.

Min fridom og mine lærerike år gjorde at Ulstein vart den plass der eg fann meg ektemake, bygde hus, og fekk mange born. Og etternamnet er framleis Grimstad.

Det som eg gjerne vil med denne personlege innleiinga mi, er å gje Judit og Thorvald det rettkomne ettermælet.

Først Judit (pikenamn: Gardshol).

Judit er eit av det finaste menneske har møtt og hatt samarbeid med. Alltid var ho blid, og klar til å tene og hjelpe. Saman med mannen sin gjorde ho ein pionerinnsats for vidare utdanning av ungdomen.

Judit var den yngste av 11 søsken i Garsholgarden på Hovset.

Judit vart gift med Thorvald Bjørndal 17. april i 1937.

Judit skaffa seg utdanning i Volda, og vart ein svært habil pedagog. Ho var ein sjølvlærd, svært dugande tysklærar Dertil var ho eit ekte kulturmenneske, med sans for alt byggande i samfunnet.

Judit var eit svært musikalsk menneske, og ho lærde seg både å spele piano og fiolin. Heimen hennar var prega av kunst. Dertil var ho ei dyktig husmor. Det var noko eg ofte fekk røyne.

Judit og Thorvald fekk oppleve 60-års samliv. Thorvald sa det ofte slik: “Skulle eg gifte meg opp att, måtte det bli med Judit-”

Kven var Thorvald?

I bygdeboka for Ulstein og Hareid står det om giftarmålet, og at barnetalet til Judit og Thorvald er 5, 2 jenter og 3 gutar.

Vidare at han var utdanna som cand. theol. Han starta millomskuleundervisning (seinare Ulstein realskule) I 1954 Skulen vart overteken av Ulstein kommune, og Thorvald var rektor til juli 1971- (meir lesnad om Bjørndalslekta i Levd Liv)

Foreldra til Thorvald var Anna og Martin, båe hadde lærarutdanning-Martin var tilsett i Ulsteinvik, og særs interessert i lokalhistorie. Anna var frå Beito, i Øystre Slidre, ho kom frå ei svært kunnskapsrik familie.

Thorvald levde i ein stor søskenflokk. Han overtok Bnr. 1 i Ulsteinvik i 1946.

Mitt personlege syn på Thorvald Bjørndal:

Han var ein stor personlegdom Han var min gode ven og kamerat. Han sette alltid pris på å ha meg ved sida. Mange timar har vi sete og samtala om elevar og arbeidsmetodar. Thorvald hadde store kunnskapar, og eit utruleg minne. Han kjende faren og bestefaren til elevane våre, om dei kom frå Ulstein, Hareid, Sande, Herøy, Vartdal eller frå Nordøyane.

Hans talegåver og forteljekunst imponerte meg. Kyrkja fekk ingen prest, men skulen fekk ein spesiell lærar.

Frå boka “Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år” skriv redaktøren, Kristen Ulstein: “Det var Thorvald og Judit Bjørndal som skulle til å bli døropnarar for ungdom frå våre bygder som sikta seg inn på høgare utdanning”.

Den såkalla millomskulen vart overteken av Thorvald, som gjorde skulen om til realskule. Ei ny lovendring gjorde dette mogleg. Det var denne skulen som fekk godt ord på seg, og tok mot elevar frå andre bygder i kommunane. Skulen fekk eksamensrett i 1958. Denne retten gav oss eit friare arbeidsfelt, og vi kunne gje elevane eit mindre eksamenspress.

Ulstein realskule vart ikkje driven berre som ein vanleg realskule i mi tid, men heller som ein ekstra folkehøgskule, med slike lærarar som: Johan Kleiven. Ola Christoffersen, Johan Sæter, Jakob- og Jon Bjørlykke og Magne Grimstad.

Vaktmeistrane i denne tida var Johannes Lillebø og Nikolai Moldskred.

Ulstein realskule hadde eit elevkor, ymse festar, særleg var julefestane morosame, med eit festleg matabord, og julegåver til lærarane. Vi hadde også ofte konkurransar, og turar ut i naturen. Ei heil vike hadde vi einlærar i folkeviseleik, ei oppleving elevane sette pris på.

Dette var noko Thorvald lika og arbeidde for. Kunnskap og elev- aktivitetar var både Judit og Thorvald sine ideal-.

Mi meining: La “Bjørndals minne” stå som ein bauta, eit æresminne etter dei to, Judit og Torvald, som ved sin innsats sikta seg inn på å gi ungdom ei opa dør til høgare utdanning. Få dette inn på ei plate, synleg festa på frontveggen.