Men tru meg; det er eigentleg eit kjekt arbeid

Meiningar

To laurdagar i februar har eg slutta meg til «Hareidbarka fjøreplukkarlag» for å plukke plast. Første laurdagen langs moloen på indre Hareid. Då regna det utan avbrot dei to timane vi orka å drive på. Den andre laurdagen forflytta vi oss utover langs moloen på Ytre Hareid. Då stod austavinden slik på at eg av og til var redd eg skulle falle på sjøen. Men tru meg; det er eigentleg eit kjekt arbeid, som også følest nyttig. Og på same måte som når du plukkar sopp, blåbær – eller sniglar i hagen – trenar auget seg opp til å sjå kvar byttet er.