Prosjekt Heilt Åleine På Kontoret

Vi kjem sjølvsagt ikkje utanom koronaviruset i denne vekas utgåve av Go´dag-spalta.

Einsamt i lunsjen  Foto: Linda Eikrem

Som leiar burde eg halde skansen, for skipperen skal vere den siste som forlèt skuta

Meiningar

Det slo meg at eg det ikkje var nødvendig å låse dodøra. Viss eg ville, kunne døra til og med stå på vidt gap.

Eg var godt i gang med dag 3 av prosjekt Heilt Åleine På Kontoret. Alle dei andre i staben hadde klokleg retta seg etter påbodet om å ha heimekontor på grunn av den pågåande og særs uavklarte koronasituasjonen. Tanken min var at eg som leiar burde halde skansen, at skipperen skal vere den siste som forlèt skuta. Eg innsåg at eg etter tre år som redaktør og dagleg leiar i Vikebladet Vestposten no kom til å bli sett på mitt livs hardaste prøve.

På dag 1 låste eg inngangsdøra til lokalavisa og hengde opp informasjon til dei som måtte ha lyst til å stikke innom. Eg tok også ei runde i lokala og desinfisert alle kontaktflater (dørhandtak, lysbrytarar, kaffimaskin, vasskraner). På dag 2 hadde eg spekulert på kor lang tid eg kom til å bruke på å fylle oppvaskmaskina med eit forbruk på ein kopp, eit glas, eit fat og kanskje ein kniv per dag. Og på dag 3 lurte eg altså på om det verkeleg var nødvendig å låse dodøra når eg er heilt åleine på kontoret.

Var eg i ferd med å klikke?

Eg sakna dei blide ansikta, dei muntre «Hei!» og «Morn!». Eg sakna den jamne duren frå kaffimaskina, småpratinga på kontora og i gangane. Eg sakna dei faglege diskusjonane på redaksjonsmøta og den gode stemninga rundt lunsjbordet. Eg sakna lesarane som brukar å kome innom for å hente avisa når distribusjonen sviktar, og eg sakna dei som elles stikk innom berre for ein liten prat om alt og ingen ting.

Med andre ord: eg sakna kvardagen. Eg sakna dagane slik eg kjende dei før koronaen kom og øydela alt. Det er eit sakn eg etter alt å døme må leve med i lang tid framover. Trøysta er at eg heilt sikkert ikkje er åleine om å kjenne det slik, eg er ikkje åleine om å sakne dei kvardagslege lydane og dei trivielle gjeremål. Uvissa er verst, kor lenge kjem denne unntakstilstanden til å vare? Ingen veit kor lenge vi må sakne kvardagane.

Det er krisetid Ulstein og Hareid, i resten av landet og store delar av verda. Og eg og mange andre må vise ansvarleg leiarskap. Situasjonen endrar seg frå time til time, frå dag til dag, og lokalavisa har ei viktig rolle. Heldigvis gjer teknologien det mogleg å lage både papir- og nettavis utan å sitje på det faste kontoret. Heldigvis er det mogleg å gjennomføre videomøte, slik at eg kan sjå fjesa og høyre stemmene til dei eg set så umåteleg stor pris på. Og heldigvis held vi fram det lagarbeidet det er å lage ei lokalavis.

Det er mange i lokalsamfunnet vårt som gjer ein ekstra innsats no, mange som strekkjer seg langt og jobbar lange dagar. Det er også mange som er urolege for framtida og mange som treng nokon å prate med. Eg tenkjer på alle dei her eg sit i einsemd på aviskontoret og saknar kvardagen.

Så lurer du kanskje på korleis det gjekk med den dodøra? Jau, eg let den framleis igjen og låser den. Så vaskar eg hendene grundig før eg smør på ein god porsjon med både antibac og tolmod.