- Utruleg viktig at vi ikkje gløymer

I dag, 8. mai 2020, er det 75 år sidan Noreg vart fritt etter den tyske okkupasjonen. Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, har skrive denne talen.

Bernt Brandal, ordførar i Hareid  Foto: Erlend Friestad, Hareid kommune

Meiningar

Kjære veteranar og alle andre, i dag feirar vi både frigjeringsdagen og veterandagen.

Det er no 75 år sidan Noreg igjen vart fritt etter 5 år med krig. 9. april 1940 angreip tyske styrkar og landet, vårt vart okkupert. For mange norske sjøfolk i utanriksfart starta krigen allereie i september 1939.

Under 2. verdskrig vart det registrert over 10.000 norske dødsoffer, og vel 13000 sovjetiske krigsfangar og over 2000 jugoslaviske døydde i tysk fangenskap i Noreg.

Krigsfangane vart nytta til ulikt arbeid for okkupasjonsmakta. Vi står no på Kvitneset, eller Festning Kvitneset, som vart bygd av tyskarane under 2. verdskrig ved hjelp av sovjetiske krigsfangar. På det meste var det 500 tyske soldatar og 100 sovjetiske krigsfangar her.

Sjølv om Kvitneset forsatt er flott og har ein stor historisk verdi, må vi ikkje gløyme at før krigen var dette ei perle der fleire familiar budde, og som vart mykje nytta av lokalbefolkninga før dei store inngrepa.

Av dei nordmennene som omkom under 2. verdskrig var 20 frå Hareid. Nokre omkom i krigsforlis, andre i krigshandlingar eller i fangenskap. Allereie 9. april 1940 fall den første innbyggaren vår, Olgar Ekornesvåg, saman med 168 andre, då tyskarane senka panserskipet Eidsvoll i Narvik.

Det viktigaste er å ta innover seg at fridom ikkje kjem av seg sjølv – det er kvinner og menn som har ofra seg for at vi skal ha denne fridomen. Dei forsvarte landet vårt både direkte og indirekte. Det var folk frå alle yrke og alle samfunnslag som i fellesskap, eller som enkeltindivid, stod opp og kjempa for fridomen og dei rettane vi har fått nedfelt i lovene våre. Det må vi aldri gløyme.

Fram til og med 2010 var 8. mai frigjeringsdagen til minne om slutten på 2. verdskrig, men frå og med 2011 er det også veterandagen der vi heidrar norske veteranar som har delteke i ulike internasjonale operasjonar rundt om i verda.

I etterkrigstida har over 100.000 norske soldatar, også fleire frå Hareid, tenestegjort i nærare 100 ulike internasjonale operasjonar i 40 land. Over 100 norske soldatar har omkome i internasjonal teneste. Mange har kome heim med ulike traume – både synlege og usynlege.

Sjølv om Noreg vart okkupert og vi fekk ei ulovleg tyskvenleg regjering, var ikkje kampen for fridom over. Kong Haakon og kronprins Olav tok sete i London saman med Nygaardsvold si regjering, og saman med krigsseglarane i «Nortraship», utgjorde dei hovudkomponenten i den norske delen av dei allierte sin krigsinnsats.

Vidare deltok den norske marinen og det norske flyvåpenet i krigen saman med dei allierte. Og den norske brigaden som vart oppretta i Skottland, skulle delta i den endelege frigjeringa av Noreg.

Ulike militære og sivile grupperingar utgjorde hovudvekta av motstanden innad i Noreg og var i dei første krigsåra stort sett uorganisert og personavhengige, men ulike grupper rundt om i landet etablerte kontaktnett og motstandrørsla vart meir organisert.

I Finnmark var det dei norske partisanane som utgjorde motstandsrørsla og som hjelpte den «Røde armé» frå Sovjet med frigjeringa av Finnmark i oktober 1944.

Vidare deltok om lag 300 nordmenn i Shetlandsfarta i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland. Dette var den einaste linja mellom det okkuperte Noreg og Storbritannia, og særs viktig både for å få ettersøkt motstandspersonell ut av landet og for å få militært personell, sabotørar og våpen inn i Noreg.

Sambandet mellom Regjeringa i London og den veksande motstandsrørsla i det okkuperte Noreg vart gradvis utbygd og det vart gitt støtte både i form av materiell og personell. Kompani Linge er eit godt døme på dette. Mange nordmenn tenestegjorde også direkte i dei allierte styrkane.

Det å heidre menneske som har delteke i forsvaret av landet vårt er likevel inga sjølvfølge.

Kong Harald beklaga 3. august 1992 på vegne av nasjonen «måten norske mynde behandla partisanane i Finnmark på etter krigen».

Innsatsen til dei norske sjøfolka som segla ute under krigen vart ikkje anerkjent. Offisiell unnskyldning frå norske mynde kom ikkje før 3. august 2013 då forsvarsminister Anne-Grete Strøm Erichsen offisielt beklaga den behandlinga norske krigsseglarar hadde fått.

Dersom vi reknar med tapa i heimeflåten mista 3211 norske sjøfolk livet i krigsforlis og mange fleire var øydelagde fysisk og psykisk for resten av livet.

Eg hadde sjølv både ein morfar og ein farfar som segla ute og vart torpederte 3 gongar kvar gjennom krigsåra. Farfaren min var siste krigsåret korporal i dei norske styrkane i Skottland. Dei hadde ikkje so mykje å fortelje og nedvurderte på ein måte sin eigen innsats. Utsegner som: «Vi låg i livbåtane so lengje at eg rakk å røyke opp redningsvesten min etter at eg gjekk tom for tobakk» eller «oss berga oss fordi vi prøvde å ta med ein hund ned i bomberommet» - ei bombe gjekk av der dei var på veg og alle der omkom, viser at mykje meir kunne ha vore sagt og at innsatsen ikkje kan overvurderast.

Det er derfor utruleg viktig at vi ikkje gløymer at det også i dag finnest krefter som motarbeider det som er viktig for oss. At våre forfedrar opp gjennom tidene har gitt alt for at vi skal ha det nettopp slik og at norske soldatar også i våre dagar, når dei fleste trur at det er fred, deltek i farlege fredsbevarande operasjonar utanfor Noreg.

Vi må kvar og ein av oss vere villige til å stå opp for det vi trur på og det vi verdset – lat oss heidra dei som har gjort det føre oss og lat dei vere førebilete for vår eigen innsats.

Takk for meg!

Bernt Brandal