- Der kjem bilar i svært stor fart

Snart tretten år gamle Vilde Jessen Djupvik frå Ulstein har sendt oss eit lesarbrev om folk som køyrer bil i turterreng.

Vilde Jessen Djupvik går ofte tur med dei to hundane. Her i Ulsteindalen.  Foto: Privat

Meiningar

Først vil eg seie kor glad eg er for alle dei fine stiane vi har fått her i Ulsteinvik, som gjer at mange folk no kan gå tur i fjellet.

Mamma og eg joggar/går frå Ulstein til Skeide, opp Mørdarbakken og ned Ulsteindalen. Dette er ein kjempefin tur, men frå Lisjevatnet og ned til Ulstein må vi passe ekstra godt på fordi der kjem bilar i svært stor fart. Dette gjer at det blir anstrengande å gå der fordi vi heile tida må passe på.

Mamma gikk der sist veke med klassa si, og dei måtte hoppe uti grøfta då ein bil kom i stor fart. Vi går/joggar der 3-4 gongar i veka (ofte i helgane) og som regel med hund. Vi snur oss veldig ofte bak og ser så langt fram vi kan etter bilar. Når eg er på tur så vil ivertfall eg at det skal vere en fin og avslappa tur, men det er ikkje alltid det er det pga all trafikken som er der. Vi joggar/går heilt ut i sida, men det er like skummelt kvar gong det kjem ein bil. Frå bommen ved Kraftstasjonen og opp, er der i tillegg veldig smalt og svingete, så bilar som kjem i stor fart kjem veldig brått på.

Eg synest dette er veldig synd, for det er eit utruleg fint turområde, som blir øydelagt pga trafikken der. Og eg syns det er rart at så mange bilar har nøkkel til bommen og kan køyre heilt opp. Ein dag i haust talde vi over 20 bilar på Lisjevatnet!

Ein annan ting er at siste vekene har vi sett fleire påkjørte hoggormar. Eg er redd dei, men syns det er leit å sjå at dei ligg skada og påkjørt langs denne vegen. Berre sist veke såg vi tre stykk. To vaksne og ein unge. Den eine var påkjørt berre på halen, og låg langt utanfor hjulspora. Hoggormen er totalfreda, og om ein køyrer litt saktare, ser ein dei.

  Foto: Privat

Også frå Ulstein og opp til Kraftverket er det mange som køyrer veldig fort. Eg brukte å gå på tur med hundane mine der, men det har eg slutta med fordi det følest utrygt, vi rekk nesten ikkje komme unna bilane. Eg håpar at fleire folk har lyst til og køyre berre opp til Kraftverket, og køyre forsiktig, parkerer der og heller gå den utruleg fine turen det er frå Kraftverket og opp til Lisjevatnet.

Og sjå og legge merke til all den fine naturen som er der, høyre på fuglane og kanskje til og med redde ein hoggorm. Og at dei som må køyre heilt opp, tilpassar farta og tenker på at dei kan møte på folk, ein unge, ein hund eller ein hoggorm rundt neste sving, og tilpassar farta etter det. Ønsker alle ein god tur.

Vilde Jessen Djupvik