Vindkraft til havs – ute av auge - ute av sinn?

Fra markeringa på Rundebranden laurdag 4. juli. 

Meiningar

Sist laurdag var eg så heldig å få delta på markeringa til folkeaksjonen Runde mot Havsul 1 vindkraftverk, på sjølvaste Rundebranden. I ettertid vart eg oppmoda om å dele nokre moment frå appellen min med fleire.

For nokre år sidan var vindkraft eit positivt lada ord for oss som var opptekne av klima, som såg at fossiltida var forbi og at framtida måtte vere fornybar. Mange vindmølleparkar er bygde, og produserer ny fornybar energi. Samtidig har dei negative sidene vorte stadig meir tydelege. Her i området er det særleg kampen mot vindmøllene på Haramsøya som har sett temaet på dagsorden. Eg håpar den lukkast, og at Haramsfjellet blir verande turbinfritt.

No skal vindkrafta til havs. Ute av auge, ute av sinn. Det høge konfliktnivået på land er nok ei årsak, ei anna at mange, også vi i SV, ser havvind som ei av dei nye framtidsnæringane. Eg er redd vi kjem til å oppleve like mange konfliktar til havs som til lands, viss vi ikkje no lærer av erfaringane. Havsul 1 er eit godt døme på dette.

5. juni markerte vi verdas miljødag. Tema var biologisk mangfald. 1 million artar – plantar, insekt, fuglar og dyr - står i fare for å bli utrydda. Leveområda vert nedbygde. Balansen i naturen blir øydelagd. Livsgrunnlaget vårt forsvinn, om vi ikkje passar på. Årsakene til tap av natur er mange: arealinngrep, klimaendringar, overforbruk, forureining og framande arter. Kvar dag taper naturen for vegbygging, hyttebygging, kjøpesenter og kraftutbygging, og inngrepa skjer altså ikkje berre på land.

Regjeringa brukte koronatida godt. Dei gav utsett frist for Havsul 1. Det har ikkje mangla på åtvaringar, verken frå miljøstyresmakter, fiskerinæring eller ornitologhald. Føresetnadene har endra seg mykje etter at konsesjonen vart gitt for 12 år sidan. Havsul 1 trugar fugl og fisk. Området er eit viktig beiteområde for sjøfuglane på Runde, og det ligg midt i leia for gytevandringa til silda til Mørebankene.

Dette er eitt døme på konfliktane eg er redd det kan bli mange av. «Alle» vil bruke havrommet. I tillegg til fiske handlar det om olje, havvind, gruvedrift, fiskeoppdrett og taredyrking. Derfor meiner eg at det trengst ein «timeout». Det trengst ein føre var-politikk, som let tvilen kome naturen til gode.

På Stortinget foreslo SV, og fekk vedteke, at regjeringa skal gå gjennom vindkraftkonsesjonar som enno ikke er påbyrja for å finne ut om nokon kan vere gitt på feil grunnlag. Det kan vere manglar i utgreiingane, eller at ein har fått ny og viktig kunnskap om naturen. Finn ein døme på dette, ber Stortinget regjeringa stanse utbygginga av desse prosjekta.

Vi må ikkje, i iveren etter å ta i bruk havet til nye næringar, gløyme dei evigvarande fiskeressursane vi treng for å fylle matfata våre i framtida! Kunnskapsgrunnlaget om kva effektar alle dei nye aktivitetane kan få for økosystem og naturmangfald er svakt. Dersom dei nye satsingane ikkje byggjer på kunnskap, kan utviklinga truge både havmiljø og framtidig matforsyning. Det er snart 20 år sidan Stortingsmeldinga «Reint og rikt hav» vart vedteken. For å vere føre var, bør det lagast ein ny heilskapleg plan for bruk, og vern, av havområda våre.

Men aller først må regjeringa snu, og ta alle klagene som er komne inn på vedtaket om utsett frist for Havsul 1, til følgje!

Ingrid Opedal, Miljøpolitisk kontakt i Møre og Romsdal SV