- Det handlar om juss

Øvrelidsaka, der fem søsken har saksøkt kommunane Ulstein og Hareid, er tema i leiarartikkelen denne veka.
Meiningar

Mishandling og overgrep. Skam og skuldkjensle. Svikta av alle, gong etter gong. Det var sterke skildringar som vart lagt fram då Sunnmøre tingrett behandla Øvrelidsaka denne veka. I to lange dagar vart liva til dei fem søskena bretta ut. «Det handlar om ting du har gøymt på heile livet, og brått skal alle få vite. Det har vore steintøft», sa eit av søskena til Vikebladet Vestposten då rettssaka var ferdig.