Kommuneøkonomi:

Kan permittering av administrativt personell i kommunen vere ei mellombels løysing?

Hareid rådhus. 

Meiningar

Eg vil begynne med å seie at eg ikkje sit inne med det endelege svaret på korleis vi skal løyse pengeproblemet til Hareid kommune. Bakgrunnen for innlegget mitt er ein forundring over at det finst ein openberr «stein» som ikkje har vorte snudd. I alle private verksemder, der inntektene ikkje er tilfredsstillande, vert permittering av personell- heilt eller delvis – eit muleg verkty for å få rekneskapet i balanse. Har Hareid kommune sett på moglegheita av delvis å permittere administrasjonen?

Kommuneadministrasjonen er samansett av støttefunksjonar for kjernefunksjonane i kommunen, som dei fleste nok er einige om at er: pleie og omsorg, skule og vedlikehald av bygninger, infrastruktur og diverse uteområde. I kva grad er det mogleg å minske støttefunksjonane i ein periode, for å sleppe å skjere ned meir på kjernefunksjonane? Ta som eit døme at vi permitterer heile administrasjonen med 20%. Kor mange kroner sparer vi då på kommunebudsjettet?

Eg innser audmjukt at eg ikkje har innsikt i arbeidsbelastinga til administrasjonen per i dag. Eg synest likevel at vi må våge å stille spørsmålet om her er noko å spare, i det minste for ein periode. Finst det arbeidsoppgåver vi kan prioritere ned? Har lavare kommunale inntekter ført til lavare kommunal aktivitet, og dermed ført til mindre arbeid for administrasjonen?

Ei forenkla utrekning av innsparinga til kommunen på eitt år:

Antal tilsette: 50 (nøkternt rekna - ingen operative einingsleiarar er rekna med)

Utrekna kostnad pr. tilsett: 600.000kr pr år (inklusivt arbeidsgjevaravgifter og pensjon. Dette kjem sjølvsagt an på stilling, men i følgje SSB er 600’ ein gjennomsnittleg kostnad for lønstakarar i Noreg.)

Totalt: 600.000kr x 50 x 20% = 6.000.000kr

Det kan hende at denne kalkulasjonen er 1 million feil i den eine eller den andre retninga, og nokre hundre tusen kroner i tapt kommunal skatt skal trekkast i frå. Men reint prinsippielt så ser ein iallfall at ein større sum i teorien kan sparas her, i staden for å t.d. legge ned sårt tiltrengde sjukeheimsplassar. Det å verne kjernevirksomheita bør vel vere førsteprioritet?

Det er naturleg at folk ikkje vil foreslå å minske si eiga eller nære kollegaer si arbeidstid og inntekt. Eg etterlyser difor eit gjennomtenkt framlegg frå ein nøytral kommunepolitikar for å undersøkje dette.

Björn Östbye