Bekymring for framtidas helseteneste i Hareid kommune

Neste års budsjett for Hareid kommune er tema i dette lesarbrevet, skrive av tillitsvalde og verneombodet på sjukeheimen i kommunen.

På Hareid sjukeheim: Frå venstre: Torill Ystebakk Olsen (Hovedtillitsvalt i NSF) , Vendel Snipsøyr (verneombod) , Margrethe Longva (Hovedtillitsvalt i Delta) og Kjellbjørn Åsmo (Hovedtillitsvalt i Fagforbundet)  Foto: Privat

Meiningar

Etter å ha høyrt konstituert kommunaldirektør på formannsskapsmøte den 11.11.20 uttale ; « kommunen sin økonomi er så dårlig at vi har ikkje noko valg, vi må kutte i sektor for velferd» så er vi både skremt og frustrert. Rett nok kom der spørsmål om prosess og ROS-analyse, men at så få stiller spørsmål og at kommunalsjef ikkje seier noko for å belyse kva vurderingar som ligg bak, gjer at vi som representantar for dei tilsette ser det som heilt nødvendig å kome med innspel.



Omgjering av buavdelinga sine 16 sjukeheimsplassar til bukollektiv er inga «smal sak». Alle der har fast sjukeheimsplass, og mange har ei demensdiagnose. Dei vil då ha ei sjølvstendig bueining, dvs at dei skal ha eigen fastlege, eigne reseptar på alt dei treng frå apoteket, alt av undersøkingar, timar med lege, sjukehus o.l vil det vere pårørande som må stille som følgje. Dei har sjølvsagt rett på nødvendig helsehjelp, men mykje av det dagligdagse/praktiske bistanden må pårørande ta seg av.

I kva grad vil pårørande til demente klare å stille opp mykje meir for sine, og vil det vere forsvarlige og gode tenester? For ikkje å snakke om kva kostnad det vil vere å bygge om. Vi er ikkje uenig i at ein kan vurdere ei omgjering etter kvart, om dette vil gi ei god nok teneste for brukarane, og om der er eit stort potensiale for sparing i det. Poenget er at ein først må bygge opp heimetenestene og dei andre trinna i omsorgtrappa. Vi veit at det er rimelegare å forebygge enn å behandle, ei styrking av blant anna heimetenestene må då til.


– Å la nedskjeringane gå utover dei svakaste vert heilt feil

– Det er ingen som bur på Hareid sjukeheim som ikkje har bruk for plassen. Å la nedskjeringane i velferdssektoren gå utover ei av dei svakaste gruppene i samfunnet vert heilt feil.


Når det gjeld nedlegging av sjukehiemsplassar, er det verkeleg så mykje å spare? Kva utrekning ligg til grunn? Her må tala vere klare! Det held ikkje at det einaste argumentet for nedlegging av sjukeheimsplassar er fordi Hareid kommune har dårlig råd og at alle omkringliggande kommuner har færre sjukeheimsplassar enn oss. Skal vi ha færre sjukeheimsplassar, må andre tenester byggast opp.

Dersom eldre med behov for omfattande helsehjelp ikkje skal få sjukeheimsplass, må dei faktisk få hjelp i eigen heim. Då treng vi å auke bemanning i heimesjukepleien, ikkje kutte den slik det ligg føre i budsjettforslag. Dagsenter for både eldre og demente (pålagt frå 01.01.20) må på plass slik at både ektefeller og pårørande kan orke å stå i tunge omsorgssituasjonar gjennom mange år for at deira nærmaste skal kunne bu i eigen heim lengst mulig. Kva vil vi spare på å legge ned plassar, og kva med overflødig personale? Skal dei flyttast til heimetenesta, då blir summen vi sparar liten. Viss vi legg ned plassar og behovet er like stort, blir det dobbeltrom? Kva med dei som har hatt eit korttidsopphald og ikkje kan sendast tilbake til heimen. Har vi ei «omsorgstrapp» til dei?

Kuttet på nattevakt på 1,3 mill er ikkje eit reelt kutt. Denne summen har vi ikkje fått inn på budsjettet, sjølv om vi har praktisert den 5 nattevakta sidan 2017 grunna nødvendig helsehjelp. Må vi kutte 1,3 i denne tenesta, blir det reelle kuttet 2,6 mill! Kommunene har no ansvar for langt sjukare pasientar/innbyggjarar enn før samhandlingsreforma i 2012. Det meste av behandlinga skal faktisk skje i heimkommunen, einaste kravet vi som kommune no har, er at pasienten faktisk er utreda før dei blir meldt utskrivingsklar. Utan den 5 nattevakta vil vi ikkje kunne gi forsvarlege tenester på natt, og vil i langt større grad føre til bøter på utskrivingsklare pasientar på 5 036,- pr døgn. Vi har også eit ø-hjelpsrom, som skal brukast for å unngå innlegging på sjukehus. Kompetansen vi har opparbeida gjennom fleire år for å kunne handtere dette, er høg.

Dersom ein kuttar den 5. nattevakta vil det føre til ei urimeleg arbeidsbelastning og eit uforsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette. Det er ei kjent sak at det lenge har vore ei stor utfordring å klare å rekruttere og behalde kompetanse på natt, dette vil føre til enda større slitasje og svekke stabiliteten. Mesteparten av innkomne avvik i vår sektor handlar om ein sjukepleiar for lite på natt, og ei vurdering om faglig uforsvarligheit.

Kva er realistisk? Utad framstår no velferd som dårleg drive og med store overskridingar. Det vi synest er mest alvorleg med desse tiltaka, er vel det at sjølv med kutt av 8 sjukeheimsplassar, omgjering til bukollektiv og manglande finansiering av den 5. nattevakta, så vil det likevel ikkje føre til eit budsjett i balanse.

Vi driv med nødvendig helsehjelp, og ser at både rettigheiter og behov stadig krev meir ressursar, men at budsjetta blir kutta. Nødvendig helsehjelp kostar det som det kostar, og tek den tida det tek. Vi opplever at vi har jobba på sparebluss i vår sektor i mange år, og at budsjetta ikkje gjenspeglar dei faktiske kostnadane. Ivaretaking av tilsette på alle nivå er viktig. Ein treng at at arbeidstakarane beheld motivasjonen og står på.

I formannskapsmøtet vart politikarane oppmoda om å engasjere seg nasjonalt grunna at oppgåvene til kommunene blir auka, og at overføringane til desse ikkje står i stil. Men kva med i vår kommune? Befolkningssframskrivinga i Hareid kommune seier at vi blir fleire eldre, og færre yngre. Då må ein få dette inn i planane og i vedtaka.

Vår største bekymring no, er at vi ikkje vil klare å yte nødvendig helsehjelp, at tenestene våre blir mykje dårligare. Difor spør vi; er dette eit realistisk budsjett?

Kjellbjørn Åsmo (Fagforbundet) Margrethe Longva (Delta) Torill Ystebakk Olsen (NSF) Verneombod ved Vendel Snipsøyr.