Go'dag:

Med støv på hjernen er det mykje du ikkje får vere med på

"Men det hende endå meir i førre veke. Fredag tok eg turen til «Klosteret av Hellige Kong Olav og Elias Tisjbitten» på Ruset i Fjøra. Høgt oppe i lia har fire kvinner frå ulike kantar av verda kome saman og danna eit klosterfellesskap. Planen er å byggje både kyrkje og klosterbygning på Syltefjellet, og to kvinner frå Brandal er blant dei gode hjelparane deira. Får eg til å skrive artikkelen, kjem han her i avisa til jul." Det skriv Anne Gry Eilertsen, som her står og tek bilde av nonnene, i denne vekas Go'dag.  Foto: Leiv Arne Grimstad.

Meiningar

«Veke 51: «God-dag og Vi møter», kom blinkande til syne på kalendaren min for nokre dagar sidan. Ja, vel, kva skal eg skrive om i «God-dag»-en? vart brått det som slo inn som det største problemet den dagen. Den store dramatikken har (heldigvis) ikkje skjedd på heimebane, og sidan koronaen, som forresten er kåra til årets nyord av Språkrådet, gjer at eg ikkje frekventerer dei store samlingane, lid eg av ein viss mangel på inspirasjon.