I stjerneskin

Stjerna på Osberget: «Og der, over Ulsteinvik den store stjerna! Stjerna som minner oss om julebodskapen». Det skriv vikarprest Matias Austrheim som har gjort presteteneste i Ulstein og Hareid nokre månader. Foto: Ulstein Sokn. 

Meiningar

Dei siste vekene har eg pendla frå Ørsta til Ulsteinvik. Ein fin morgontur i vakkert landskap. No siste vekene under ein desemberblå, stjernestrødd himmel. Med bilradioen slått av har sinn og sansar fått opne seg mot det ufattelege mysteriet, livet sitt under. At eg lever, ein ny dag, alle husa og heimane og folket langs vegen, bedriftene, gardsbruka, institusjonane og skulane. Og der, over Ulsteinvik den store stjerna! Stjerna som minner oss om julebodskapen. Om stallen og krybba og eit nyfødt, verjelaust lite barn. Det er dit vi er på vandring no i førjulstida. I all kommers og handel og kav og mas så handlar jula om eit barn, ja, eit lite barn, det må vi vel ikkje gløyme? For der i krybba kviler han som har himlen med, som kom med håpet til vår jord. Eit nyfødt barn som fyller jorda med sang.

Som liten gut heime på garden vår på Sandane vart ventetida lang julafta. Far måtte gjere unna fjøsstellet før julefeiringa kunne starte. Det var ingen TV eller mobiltelefon å sjå på. Men eg gjekk nedom huset vårt og sto der og såg opp på den stjernestrødde himmelen. Sto der og såg og undra meg. Undra meg over livet og stjernene og alt. Og så lytta eg, lytta etter kyrkjeklokkene. Når det var vindstille kunne eg høyre klokkene ringe jula inn, frå Gimmestadkyrkja på sørsida av fjorden og frå Vereidskyrkja lenger vest. Og når klokkene byrja å kime visste eg: no er det jul!

Også i år skal kyrkjeklokkene i Ulstein og heile landet ringe jula inn. Alt er ikkje som før. Koronaen truar liv og helse og gjer mange av oss engstelege. Mange kjenner og på einsemd. Men gudsteneste skal vi feire, i kyrkja og på Sjøborg. For julebodskapen er den same, ja, i år treng vi den meir enn nokon gong. Englane heldt den fyrste julepreike over jord: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede, ei glede for heile folket: dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus , Herren»! Difor kan vi og synge og feire den store glede jula 2020 her i Ulstein, midt i ei koronatid og i våre livskampar. Vi får synge og dele vår glede, at det er sant: «Englene synger høyt i kor, synger om fred på vår jord. Verden var aldri helt forlatt. En stjerne skinner i natt.»

Julebodskapen kjem med håp for vår jord. Kor vi treng dette håp! Vi veit at mange born og unge i dag er oppriktig engstelege for jorda vår og framtida. Ja, kor vi treng å dele julebodskapen om tru og håp! Presten og forfattaren Ole Sæverud frå Bergen var bror til komponisten Harald Sæverud som ga oss så mykje fin musikk. Då Ole Sæverud låg på det siste og visste at han snart skulle døy så samla han sine næraste rundt senga si og sa: «Når jeg nå snart skal gå over grensen, så vil jeg en siste gang snu meg rundt og få et siste blikk på denne deilige, vidunderlege jord» Ja, denne tru og dette håp skal vi og få feire denne jula.

På grunn av smittevernforskriftene kan vi ikkje ha allsong i gudstenestene. Det vil likevel bli song og musikk gjennom at solistar ber songen til til kyrkjelyden fram. Nokre gudstenester vil bli avslutta ved at kyrkjelyden syng ei salme utanfor kyrkja etter at gudstenesta er ferdig. Hugs at vi må halde litt avstand også ute. På julaftan kan vi stå der under stjernehimmelen og synge den vakre og kjære salmen: Deilig er jorden!

Til slutt: Eg har fått lov å gjere presteteneste i Ulstein og Hareid nokre månader. Det har vore spennande og lærerikt for meg å bli kjend med så mange flinke og kjekke medarbeidarar i kyrkjene. Eg er imponert over stor kreativitet og nytenkjing i ei krevjande koronatid.

Og framfor alt vil eg takke for alle gode møte eg har fått ha med folket i Ulstein. No skal eg halde fram som prestevikar i kyrkjene i Ørsta. Frå 1. januar kjem Øystein Bjørdal for å vere vikarprest i Ulstein. Han kjenner mange frå si tid som domprost i Molde. No er han pensjonist med bustad i Oslo. Vi er glade for at Bjørdal har sagt ja til vikarteneste i Ulstein framover samtidig som vikarprest Stine Lerheim held fram i si teneste i Ulstein. Vi ynskjer Bjørdal velkomen til teneste og ynskjer begge Guds signing i arbeidet.

Eg ynskjer dykk alle ei velsigna julehøgtid!

Helsing vikarprest Matias Austrheim.

Dette stykket stod på trykk på kyrkjesida i Vikebladet Vestposten 22. desember.