Leiar:

- Gledeleg med vaksine

Denne veka vart dei første dosane med koronavaksine sette i Hareid og Ulstein. Bildet er frå Hareid sjukeheim.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Meiningar

Det vart ein litt trasig start på det nye året då regjeringa varsla strengare smitteverntiltak fram til 18. januar. Heimekontor, heimeskule, avgrensa sosial kontakt og avlyste arrangement var nok ikkje det dei fleste av oss hadde ønskt for starten på 2021.