Go'dag:

Bryllaupsdag

Meiningar

Onsdag morgon trekte eg på termodressen for å tur med bikkja. Det var eit lite løje då vi gjekk ut, men nede på ytre molo kom snødrevet, og det kom godt med at eg hadde både tova ullhue og vottar på meg. Slik var det stort sett i heile påska også. Med nokre få unntak var det lite freistande å legge til fjells her ute på øya. Men eg skal ikkje klage, det finst tristare ting enn dårleg vêr.