Innsparingstiltak Ulstein kommune: Nedlegging av Haddal skule

Haddal skule og grendehus  Foto: Arkiv

Meiningar

Diverre kjem denne saka på nytt opp no, kort tid etter at vi i fjor jubla for at skulen var berga, og eit vedtak om at skulestrukturen skulle fredast.

Eg skriv dette innlegget på vegne av Haddal grendahus. For tjue år sidan vart det lagt ned ein stor dugnadsinnsats i bygda for å få realisert bygging av nytt samlingshus i Haddal. Det gamle forsamlingshuset stod framfor store investeringar, men med lita tomt og og svært utdatert bygningsmasse var det ingen som såg det som fornuftig å satse på dette. Det vart bestemt å rive det gamle bygget og satse på nybygg.

Samstundes vart det bestemt at det skulle byggast ny skule i Haddal .Vi valde då å få realisert grendahuset i kombinasjon med skulen, og nært samarbeid med Ulstein kommune. Det blei samla inn og investert fleire millionar kroner , i tillegg til mykje dugnad, blant anna arbeidet med å rive gamleskulen.

Dette gjorde at vi fekk bygd eit flott grendahus, integrert i skulen til glede for begge partar.

Vi trudde då at vi kunne lite på kommuna som samarbeidspartnar, og at dei med ei samla investering på nærare 25 mill viste at ein hadde langsiktige planar.

Det gjekk ikkje mange åra før første signala om nedlegging byrja å kome.

Administrasjonen prøver gong på gong same taktikken med svartmaling og dystre spådommar. Der medisinen alltid er å legge ned grendaskular ute på bygdene, til tross for at skulen i Ulstein driv billeg og effektivt . jamfør rekneskapen for 2020. Kva skal leggast ned når det ikkje er fleire skular igjen?

Når det gjeld Haddal skule må ein vere heilt klar over at det ikkje berre vil vere skuleelevane som vert ramma ,men kulturlivet og heile grunnlaget for trivsel i bygda.

Dersom elevflokken vert delt mellom Myrvåg og Hasund ser eg på det som svært vanskelig å opprettholde rekrutteringa til Haddal musikkorps. Eit tilbod som har utspring i skulen og engasjera mange ungar/ungdommar i Haddal og Eiksund. Dersom korpset vert nedlagt vil det vere eit stort tap for bygda og kommuna. Eit tap som ikkje kan målast i kroner og ører.

Det ein må vere klar over er at Haddal grendahus ikkje har planar ,høve eller økonomi til å ta over ansvaret for drifta av Haddal skule og grendahus. bygget er altfor stort og avansert til at det kan driftast på dugnad

Bygget på over 3000 kvadratmeter har eit avansert datastyringssystem for varme ventilasjon, behov for ytre og indre vedlikehold.

Dersom bygda skal kunne bruke bygget til trening, musikkøving og andre aktivitetar, må kommuna som no holde grunnvarme i bygget og syte for reinhold.

I tillegg må bygget holdast ved like med tilsyn av tekniske anlegg, maling ,stell av uteområde , kontroll av heis, brann m.m.

Kommuna har erkjent at dei har eit klart driftsansvar for bygget også i framtida, dette er i såfall noko som må stadfestast og gjerast avtale om i eit langsiktig perspektiv.

Eit vedtak om nedlegging bør ikkje gjerast på eit so dårlig grunnlag, kanskje halve elevflokken vel Myrvågskulen, stor auke i transportutgifter, driftsansvar for skulebygget, utbetring på Hasund skule,behov for fleire lærarar på Hasund. Reknar med at lærarane ikkje vert sagt opp ,m en berre vert flytta rundt i systemet ,over på andre budsjett.

Trur at ein i etterkant vil sjå på dette som eit forhasta vedtak kun utifrå eit kortsiktig økonomisk perspektiv.

Håper politikarane står ved lovnadane frå sist gong saka var oppe, og fredar skulestrukturen. Det er nok andre grunnar til at kommuna har kome skeivt ut, etter altfor stor investeringsiver gjennom mange år.

Terje Haddal, Haddal grendahus