Lat oss behalde Ulstein skule

Ulstein skule  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Meiningar

Administrasjonen i Ulstein kommune har lagt fram forslag om å legge ned Haddal og Ulstein skule og overføre elevane og lærarar til høvesvis Hasund og Ulsteinvik barneskule (heretter omtala som UBS). Bakgrunnen er at lokalpolitikarane har bede om ulike forslag til innsparingar. Når dette no kjem opp igjen eit halvt år etter at våre politikarar stemte for å bevare dagens skulestruktur, føler vi oss nøydde til å reagere igjen.

Vi skjønar at kommunen er i ein tøff økonomisk situasjon, og at ein då må sjå på alle sparingstiltak som kan gjerast. Vi meiner at nedlegging av skular er eit altfor drastisk inngripande og irreversibelt tiltak for å spare pengar. Reknestykka over kortvarig økonomisk effekt bør ikkje vere det som rår! Blir det reelle samfunnsmessige kostnadane med skulenedlegging rekna med? Ein må tenke langsiktig og heller legge til rette for ein attraktiv kommune å flytte heim til og busetje seg som tilflyttar, både i krinsane og i sentrum. Dei nye bustadtomtene som snart vert lagt ut for sal på Skeide meiner vi er med på å gjere Ulstein kommune til ein god stad å busetje seg i.

På heimesida til kommunen marknadsfører dei bustadtomtene på Skeide med følgande: «Flammande solnedgang, ope og vakkert, hav og fjell rett utanfor stovedøra - gangavstand til sentrum, eit triveleg nærmiljø med barneskule. Her vert det flott å bygge og bu!» Det største trekkplasteret for familiar i etableringsfasen er nettopp eit triveleg nærmiljø med barneskule. Korleis blir det om dette nærmiljøet mister barneskulen? Korleis vil dette verke inn på tomtesalet? Og kva for signal vil dette gje til dei som vurderer å flytte heim, eller for dei som er tilflyttarar?

Vi fryktar at mange heller vil velje å busetje seg ein annan stad, noko som kan føre til at kommunen mistar potensielle kjøparar og ein veksande krins. Sjølv om skulevegen er relativt kort frå Skeide til Ulsteinvik, vil Ulstein skule vere eit viktig trekkplaster for unge familiar som skal etablere seg.

Ulstein skule har eit godt skulemiljø, og er eit samlingspunkt for born og vaksne. Per i dag er det 81 elevar ved Ulstein skule, og ikkje 67 som er det talet kommunen viser til som elevgrunnlag. Skulen har fokus på trygt og godt læringsmiljø. Skulen har eit stort og godt uteareal til bruk i læringssituasjon og friminutt, samt kort veg til fine turområde. Er det gjort ei vurdering av tilgjengeleg uteareal ved UBS og kva som er tilrådd av uteareal per elev ved ei eventuell auke i elevtal ved UBS? I skulebehovsplanen frå 2016 utarbeidd av Norconsult for Ulstein kommune er det konkludert med at utrekna tilgjengeleg uteareal ved UBS er under tilrådd norm frå Helsedirektoratet. Ved å behalde Ulstein skule sikrar vi gode lærevilkår både ved Ulstein skule og UBS med tanke på klassestorleik og bruk av uteområde.

Av ulike årsaker kan born ha behov for å bytte skulemiljø i løpet av åra i grunnskulen. Det finnast fleire døme på at born frå UBS har bytta til Ulstein skule og motsett. Av og til oppstår fastlåste situasjonar som ikkje let seg løyse og skulebytta kan vere redninga for eleven. Dette er ei moglegheit vi bør ta vare på ved dagens skulestruktur for dei borna som treng det.

Administrasjonen i kommunen har lagt fram ei oversikt over elevtal ved dei ulike skulekrinsane i kommunen fram til 2027 og legg dette til grunn for forslaget om å endre skulestrukturen ved å legge ned Ulstein og Haddal skule. Tala er basert på barn i kommunen født i 2020 eller tidlegare. Utvikling i elevtal i perioden fram til 2027 har ein nedgang for krinsskulane, og ein svak vekst for sentrumsskulen. Det er viktig å sjå desse tala sett i samanheng med ei økonomisk nedgangstid med lav sysselsetting og lita tilflytting til kommunen. Skulebehovsplanen som er utarbeidd for Ulstein kommune i 2016 for perioden 2016 til 2030 viser ein stabil vekst i elevtal både ved UBS og ved Ulstein skule der UBS åleine kan få over 500 elevar.

Forslag om å legge ned Ulstein skule er slik vi ser det ingen langsiktig plan. Å auke eller stabilisere folketalet krev altså eit meir langsiktig og målretta arbeid enn å tenkje på økonomiske omsyn her og no. Vi meiner at skulestrukturen i kommunen må vere rusta for ein elevvekst tilsvarande den framskrivinga lagt fram i 2016.

Lat oss jobbe for at Ulstein kommune skal vere ein attraktiv stad å busetje seg i, både i krinsane og sentrum. Lat oss behalde skulen vår i framtida!

Med venleg helsing FAU ved Ulstein skule