Maritimt Forum Nordvest:

Vil ha tydelegare svar om maritim politikk

Om drøye tre veker er det stortingsval. Maritim næring er ei av dei største næringane i Møre og Romsdal. Det er rimeleg å forvente at dei politiske partia har klare svar på viktige spørsmål for næringa. Vi ber difor dei fire største partia i fylket om svar på følgjande:

Vil ha tydelegare svar: Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest - vil ha tydelegare svar frå dei fire største politiske partia i Møre og Romsdal rundt kva dei meiner om maritim politikk.  Foto: Pressefoto.

Meiningar

Høgre

Det er vanskeleg å få tak i kva Høgre i fylket meiner om korleis (store delar) av den maritime næringa skal kome seg gjennom bølgjedalen og gripe den veksten «alle» ser kjem. Så langt i valkampen har fokus vore på generelle næringspolitiske tiltak som kompetanse, fagarbeidarar og fjerning av skatten på arbeidande kapital. Interessant nok er ikkje verft nemnt med eitt ord i partiprogrammet. Vil Høgre satse på det vi er gode på i Norge – som blant anna maritimt – eller er det framleis næringsnøytralitet som gjeld?

Senterpartiet

Sp vil skrote EØS-avtalen. Få næringar er så avhengig av føreseielege rammevilkår og tilgang til EU sin indre marknad som den maritime klynga. «Alle» i maritim næring er einige om at EØS-avtalen er ein sikker garanti for stabile rammevilkår. Utan EØS vil næringa miste ein saumlaus tilgang til den viktigaste eksportmarknaden. Sp vil ha ein opptrappingsplan for maritim næring. Korleis kan de då samtidig jobbe for at Norge skal ut av EØS-avtalen?

Arbeidarpartiet

Ap vil stramme inn reglane for innleige generelt og spesielt forby innleige som fortreng faste tilsettingar. Verfta i Møre og Romsdal er avhengige av innleige av arbeidskraft for å få bygd båtar. Utanlandsk arbeidskraft er viktig fordi det ikkje er mange nok norske fagarbeidarar. Fleire i verftsnæringa fryktar for at Ap sin politikk på dette området kan bety kroken på døra. Kva meiner Ap i fylket om innleige av arbeidskraft til verfta i Møre og Romsdal?

Framstegspartiet

FrP har ei anna haldning til klima enn andre parti. Partiet seier lite om moglegheiter for næringsutvikling i det grøne skiftet, kanskje fordi partiet ikkje meiner på at eit grønt skifte er nødvendig. FrP vil satse på havvind, hydrogen og mineralutvinning, noko som er positivt for maritim næring. Både reiarlag, skipsverft og utstyrsprodusentar ser store moglegheiter for auka aktivitet i omstillinga til ein grøn og berekraftig skipsfart. Korleis vil FrP eventuelt bidra til ein grønare skipsfart?

Vil gjerne ha svar frå partia i god tid før valet.