Kommentar:

Å vere ny

I eit framand land: «I august 2016, følgde eg min eldste son til den nye skulen hans, i eit framandt land der han ikkje snakka deira språk. Han følte seg bortkomen, nervøs og urolig. Eg visste godt korleis han hadde det. Det var ikkje lett å gå frå han den dagen», skriv Kari Brandal i denne kommentaren. 

Meiningar

I august 1993 var eg den nye jenta på den nye skulen i det framande landet. Eg kunne knappast snakke engelsk, kjente ingen, og var einaste norske elev i klassa. Faktisk var eg den einaste norske eleven på heile skulen. Korkje store eller små snakka mitt språk.