Farvel til våpena

KVA ER DITT VÅPEN?: Er det ein fugl? Er det ein fisk? Er det logoen til eit fiskeriselskap? Nei, det er kommunevåpenet til Hustadvika kommune.  Foto: RB-nett

Meiningar

I løpet av sommarferien har eg, som så mange andre, fått reist litt rundt i Noregs land. Dei gamle fjell i syningom har, stort sett, vore eins å sjå, men ein ting som har endra seg frå tidlegare noregsturar er at vi har fått nokre færre kommunegrenser og – i samband med dette – nokre nye kommuneskilt.