- Slagordet bør leggast vekk

Tidlegare Arbeidarpartipolitikar i Ulstein, Magne Grimstad jr, meiner Ap bør legge vekk slagordet om vanlege folk.

Magne Grimstad jr er tidlegare lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Ulstein. Arkivfoto.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Meiningar

Til Jonas Gahr Støre

Gratulerer med valet. Eg stemte på deg. Men eg håper du og partiet mitt kan legge vekk slagordet: "Nå er det vanlige folks tur".

Det skaper eit konstruert skille og forsterkar polariseringa i norsk politikk som du ved fleire høve har teke avstand frå.

Når enkelte parti talar om at det er store skilnader i Noreg, så er det ikkje sant. Men ved å konstruere eit slik skille så ser eg at ein får stemmer, mange stemmer. At nokre har det vanskelig, ja, men dei aller fleste har det godt.

Slagordet konstruerer ein motsetnad og i dette tilfelle mellom "dei vanlige" og "dei rike". Og korleis vil du definere skillet? Om eg definerer "dei rike" som alle som tener meir enn meg, så opplever eg at "dei rike" har i stor grad brukt rikdomen sin til å berike fellesskapet - ikkje minst har vi sett det i vår kommune.

Og dei er absolutt vanlige folk med dei same draumane og visjonane for sine liv som for meg som definerer seg som ein av "dei vanlige".

Vi treng rike folk i Noreg som har kapital og som kan skape arbeidsplassar. Det er god Arbeidarpartipolitikk. Det er ikkje god politikk å bygge opp under skillelinjer og fordommar.

Lukke til i jobben - du vil bli ein dyktig statsminister.

Mvh Magne Grimstad jr.

Innlegget vart først publisert på Grimstad si Facebookside. Han har gitt Vikebladet Vestposten løyve til å publisere det.