SPRÅK:

Sleit snøret eller slitna det?

LYREN I BERGET: Ein fisketur ved Buhammaren resulterte i ein språkleg debatt om transitive og in-transitive verb.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Meiningar

Under ein rusletur i råsa langs Breisundet mellom Kvitneset og Flø i sommar tok eg ein pause og fiska frå eit høgt berg mellom Buhammaren og Lisje-Buhammaren. Der festa ein stor lyr seg på sluken, men eg miste han under inndraginga i den høge bergveggen.