Hærverk ved Haddal skule

Etter fleire hærverkstokter mot skulen og grendahuset vårt, vart det toppa med at taket vart øydelagt, skriv Jan Arve Ringstad i dette innlegget. 

Meiningar

Etter fleire hærverkstokter mot skulen og grendahuset vårt, vart det toppa med at taket vart øydelagt.

Ja, lista av skadeverk har etter kvart vorte lang.

Kan nemne noko;

Knuste vindauger, store hakk i sementtrappa, store bulkar i dører forårsaka av store steinar, grillhytta er totalt rasert med knuste vindauge, store steinar inn på parkeringsplass, papir påtent oppetter skulebygget, bossbøtter påtent… ja… lista har etter kvart vorte skremmande lang.

Den siste tida har eg følgt med på skulen vår. Eg har gått opp på skuleområdet i 17-tida, og når eg har kome opp igjen i 21-tida er det til tider stor forskjell.

Store steinar ligg nedanfor vindauger og dører som har vorte brukt til å utføre skader på desse, knust benk for å nemne noko.

Det meste som har blitt gjort av hærverk er etter mitt syn utført mellom kl. 17 og 21.

Gutane som held til rundt skulen og grendahuset vårt er i alder 11 - 15 år.

Kvar er foreldra?

Om ikkje foreldra no gjer noko / tek grep og følger med på kva barna held på med, så må barnevernet på bana. Dette er ikkje guttestrekar, dette er hærverk.

I tillegg til det som har skjedd på skulen, kan eg også nemne skadeverk hos entreprenør, skade på naustdører, eit par båtar har vorte løyste frå fortøyningane med meir….

Hendingane er noko som opptek bygdefolket, og mange vaksne går tur for å følgje med og observere kven som oppheld seg og på skuleområdet. Det er fem gutar som går igjen nesten heile tida.

Om det er nokon av foreldra som lurer på om guten deira er ein av denne gjengen så er det berre å spørje.

Ut over dette så vil eg oppmode foreldre til å snakke saman og kome til bunns i dette.

Sist fredag var der ildspåsettelse av papir ved skulen og politiet vart kontakta. Honnør til dei for at dei kom så kjapt, responstid på 5-6 minutt. Gutane fekk nok eit møte med ordensmakta som eg håper sit i, og eg håper også det gjorde noko med gutane når foreldra måtte kome og hente dei.

I kjølvatnet av sistnemnde hendelse der fleire namn enn dei som vart ferska er kjent for politiet, er det kanskje på sin plass å ta opp igjen saka om rasering av skuletaket.

Eg håper med dette at det blir slutt på skadeverk, men vi kjem til å følgje med.

Jan Arve Ringstad
Nabo til skulen