KOMMENTAR

Eg visste alltid korleis det var å vere utanfor…

Vikebladet Vestposten og MOT i Ulstein har denne hausten hatt ein skrivekonkurranse med tema inkludering - å bry seg. Vinnarbidraget er skrive av Ella Tødenes og du finn også dei andre bidraga her.

  Foto: ILLUSTRASJON: ELLA TØDENES

Meiningar

Eg visste alltid korleis det var å vere utanfor…

Å alltid vere den siste invitert til ting, å sitte åleine i friminutta, å lese fordi det var det einaste som let meg ha noko å gjere i pausane mellom dei uhyre, keisame timane. Eg var alltid vand med å vere med i grupper, men aldri å skikkeleg vere med. Når der var ein vits var det aldri eg som fortalde, når nokon snakka var det aldri til meg, når det var lag utdeling blei eg alltid vald sist. Dette trur eg hjelpte meg til å bli meir fiendsleg, i timane var eg alltid den fyrste til å seie “hysst” til nokon som snakka, når der var eit spørsmål var eg alltid den fyrste til å rette på andre når dei tok feil og eg ende opp med å prøve å vere betre venn med lærarane mine enn med klassekameratane. Eg valde til slutt å aldri prøve å vere med nokon, eg tenkte “Viss dei ikkje vil være venn med meg, då skal ikkje eg prøve å vere venn med dei!”.

Ella Tødenes (14), elev i 9B ved Ulstein ungdomsskule og vinnar av skrivekonkurransen til MOT Ulstein og Vikebladet Vestposten 

Men ein dag skjedde det noko som fekk meg til å tenke mykje betre av kameratane som eg tidlegare hadde mislika. Ei jente i klassa mi spurde om eg ville vere med bort til klatrestativet. Eg hadde hatt med meg ei bok ut i friminuttet men eg valde å berre seie ja og heller lese meir neste dag. Etter litt klatring enda vi berre opp med å snakke saman, då fann vi ut at vi begge to elska å sjå på ein spesiell youtubar! Eg veit det høyrdest litt dumt ut, men det var ein stor ting for meg på den tida sidan eg aldri hadde møtt nokon med same interesser som meg. Vi ende opp med å snakke heile friminuttet og friminuttet etter det og etter det, til slutt hadde vi snakka saman i fleire veker! Etter litt ville ho begynne å gjere andre ting enn å berre klatre, så vi begynte å vere med dei andre jentene i klassa.

Eg kunne ikkje tru det. Personar som eg trudde ikkje brydde seg om meg viste seg berre til å aldri vite kva dei skulle seie når dei var med meg. Eg hadde berre aldri tenkt over det. Mange av dei er eg fortsatt venn med no, alt på på grunn av at ei jente valde ho ville snakke med den åleine jenta som sat og las.

Eg visste alltid korleis det var å vere utanfor, men no er eg heldig til å vere med mange i friminutta.

Ella Tødenes


Inkluder nokon! Sei hei!

Inkludering er viktig. Om ein blir inkludert kan ein få den kjensla at ein faktisk finst og at nokon bryr seg.

Då eg begynte i første klasse kjente eg berre ein person i klassa. Men det er jo ikkje alltid så gøy å ha berre ein person å vere med, så ein gong kom det nokre og spurte om vi skulle bli vennar og då fekk eg enda fleire vennar.

Den gongen følte eg at eg blei inkludert og at nokon andre også ville være vennen min.

Det skal ikkje så mykje til for å inkludere nokon. Berre det å sei hei kan få nokon til å føle seg inkludert. Inkluder nokon, bli vennar med nokon så ser du som oftast at dei er mykje kjekkare å vere med enn det du trudde.

Eg begynte jo på ungdomsskulen for ikkje så lenge sidan, og i den nye klassa mi var det ei jente som ikkje hadde nokon nære vennar i den nye klassa. Då gjekk eg og vennane mine bort og prata med henne og no har vi blitt kjempe gode vennar med henne.

Om du ser nokon sitte åleine, gå bort og prat med dei, då blir dei kanskje glade. Kanskje du føler at du er ein god venn.

Ingrid Malme Lauvstad, 8. klassing


Kva er inkludering?

Kva er inkludering? Det er eit hei, eit smil, en invitasjon. Å inkludere kan bety mykje, det kan bety at du spør om nokon vi finne på noko eller berre seie hei. Ikkje døm nokon på grunn av utsjånad eller det andre har sagt, gi personen en sjanse. Kanskje kan personen verte ein viktig del av livet ditt. Viss du ser noken som står åleine på jobb, skulen, fritida eller trening så sei hei, gi eit smil. Det skader ikkje. Du har vel kjent kor hyggeleg det er når nokon seier hei, inviterer deg til noko eller gir et smil, så kvifor ikkje gjere det sjølv. Viss du flyttar til en ny plass, vil du vel at andre at andre skal inkludere deg, anten du er vaksen, barn eller ungdom. Ikkje bry deg om kva andre seier om personen du vil vere med.

Du lever berre ein gong, så vidt eg veit ;)

Viss staden der du bur arrangerer eit event eller noko så dra, inkluder deg sjølv.

Få nye venner, bli kjent med nye folk, det kjem som regel noko godt ut av det.

Eg husker fyrste skuledag på barneskulen då eg ikkje kjente så mange, så kom ei jente bort til meg og spurte om eg ville vere med, og no er vi bestevenner.

Isabella Emanuelle Fonseca, 8. klassing


Inkludering er viktig

Kvifor ein burde inkludere

Folk jobbar betre når dei er glade og ein blir ikkje glad viss ein trur at folk ikkje bryr seg om seg. Eg meiner at folk burde inkludere fleire nye folk enn det dei gjer no.

Å inkludere folk i kvardagen

Prøv å gjere det til ein vane å inkludere nye folk kvar dag. Å inkludere folk i kvardagen er veldig enkelt og treng ikkje å ta så mykje tid. Det kan vere like enkelt som å seie hei eller sette seg med nokon som sit åleine. Kanskje tenkjer dei; Kvifor sett dei seg her? Eg må prøve å ikkje vise kor glad eg blei no..

Ein gong eg trengte eit hei

Eg veit korleis det er å bytte skule. Fordi eg gjekk i ein annan barnehage enn der eg bur så var det berre nye folk og ingen som eg kjente då eg byrja på skulen. Eg veit difor korleis det er å ikkje få eit hei og kor mykje ein treng det.

Mari Torvund Måseide, 8. klassing


Hei!

“Hei” Kva betyr egentleg hei?

“Hei” er det som du helsar med, til venene dine, og til familien.

“Hei” betyr at du bryr deg og at du inkluderar.

Det kjennest ikkje ut som mykje, men det gjer ei så stor innverknad i kvardagen.

Neste gong du går forbi nokon på gata sei “hei” og smil!

Sjå reaksjonen du får og smilet.

“Hei” betyr mykje. Å få eit “Hei” betyr at det er vennen din, at dei bryr seg om deg.

Om du hadde gått en dag uten og blitt sagt hei til hadde du følt deg ut som en del av samfunnet?

Hei betyr meir enn du trur.

Hei er å bli inkludert og invitert.

Å inkludere = å bry seg

Sebastian Hareide Hasund, 8 .klassing


Kva tenkjer du når du blir stengt ute, eller å ikkje får vere med på det?

Å inkludere er ikkje berre å invitere, det kan være et hei. Et HEI er mykje meir ein tre bokstavar, Et hei kan lage eit smil, å smilet vil smitte vidare.

INKLUDERE

Tenk deg den gongen på barneskulen, den gongen du var på sidelinja, du hadde veldig lyst å spele fotball med vennane dine, men du torde ikkje å spørje om du kunne bli med, du stod der åleine. Og no ser du føre deg vennen din kjem og spør om du vil vere med. For ei lette tenkjer du. Du spelar vidare og du har det gøy.

Å inkludere er ikkje så vanskeleg, du må berre tore å spørje han som står aleine.

Sei hei, gi et smil, kom med ein invitasjon, eller gi ein klem.

Mathias Mork Eikrem, 8. klassing


Å bry seg - å seie hei

Du tenkjer nok ikkje over kva eit “hei” kan bety, men det kan bety mykje! La oss seie ei jente har det vanskeleg og du kjem bort, ser rett inn i auga hennar, og seier “hei”, då føler ho seg forhåpentligvis litt betre. Grunnen til at ho mest sannsynleg føler seg litt betre, er fordi mennesker er meint for å vere sosiale og å vere del av eit fellesskap, og når ho då føler at ho blir sett, så skjønar ho at det er heilt greitt å ha ein dårleg dag og at ho fortsatt er del av fellesskapet.

Ingeborg Øyehaug Høydal, 8. klassing


Å bry seg

Familien min har aldri hatt mykje pengar. Men mamma var, og er framleis, ein lærar på denne veldig fine privatskulen, som egentlig var den einaste grunnen eg kunne gå der.

Alle sine foreldre var enten advokatar eller doktorar, og dei andre elevane pleide å bli med på skuleutfluktar og bruke massevis av pengar der, du skjønner greia.

Eg følte meg veldig åleine og utanfor som ikkje kunne bli med, men eg klarte å leve med det.

Eg vart oppdratt av ein åleinemamma, og budde i eit lusete lite hus eit stykke frå London sentrum. Vi visste ikkje alltid når det neste måltidet vårt kom til å vere.

En dag, under lunsj, spurte ein av dei andre jentene i klassa mi om ho kunne sitte med meg, det var ikkje akkurat trengsel med bordet, mulig fordi eg var den einaste som satt der, så eg sa ja. Ho la merke til at alt eg hadde som nistemat var ei loffskive med peanøttsmør.

“-Wow, du er virkelig ikke sulten” sa ho.

Sida eg var sju år og var uvitende om ulike livsstilar, svarte eg rett ut at vi berre ikkje hadde noko meir mat. Eg måtte forklare det et par ganger før ho skjønte.

“-Vil du ha litt av meg?” spurte ho med eit fint smil.

Den appelsina og pakken chips var begynnelsen på eit no 20 år langt vennskap.

9. klassing