Knut Erik Engh

Les svara frå Frp sin toppkandidat i Ulstein.

: 

Meiningar

43 år

Gift med Mariette, to born

Avdelingsleiar ved Marin Teknikk (innreiing, brann og sikkerheit)

Politiske verv: 4 periodar i kommunestyret (1995-2003 og 2007-2015), to periodar i formannskapet (2007-2015), to periodar teknisk utval (1995-2003), varaordførar (2011-2015), leiar i representantskapet i SSR (2011-2015), medlem av representantskapet i SSR (2007–2011)


1. Ulstein har pådrege seg ei svært høg kommunal gjeld. Er du open for å innføre eigedomsskatt for å få endane til å møtast?

– Ulstein Frp har brukt mykje tid på å drøfte dette. Vi er prinsipielt i mot eigedomsskatt, men innser at vi mest truleg ikkje kjem utanom. Men vi har klare krav dersom vi skal vere med på å innføre dette. Mellom anna vil vi krevje at innbyggarane skal få innsyn i kva denne skatten går til gjennom eit eige kapittel i årsmeldinga, samt at det berre skal dekke finanskostnadar på låneopptak. Vi vil unngå at dette skal bli ei mjølkeku som vert umogleg å fjerne. Vi vil vidare at det skal vere likningstaksten som skal ligge til grunn og ikkje ein eigen verditakst. Dette for at skattegrunnlaget skal verte so lågt som råd. Næringslivet vil vi derimot skjerme, det er difor ikkje aktuelt for oss å innføre eigedomsskatt på «verk og bruk». Det seier seg sjølv at som Frp’ar er det ei tung bør å ta på skuldrene, men vi innser at dersom vi ikkje gjer dette vil det vere mange taparar.

2. I Ulstein er grendeskulane i Eiksund, Flø og på Dimna nedlagde. Er tida snart komen til å gjere det same med Haddal skule?

– Nei. Vi vil heller satse på å legge til rette for meir bustadbygging i Haddal og Eiksund slik at barnetala kan gå opp.

3. Sidan alkohol er «lovleg vare»; bør alle som startar opp ein serverings- eller skjenkestad ha rett til skjenkeløyve?

– I utgangspunktet ja, men ein må sjølvsagt vere skikka til det.

4. Målet med kommunereforma er å få større og meir «robuste» kommunar. Kva kommunar på Søre Sunnmøre synest du er mest naturlege å slå saman? Bør Hareid og Ulstein slå seg saman?

– Vi ser for oss å danne ei ny kommune som omfattar alle kommunane på ytre. Det vil seie Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Desse dannar i dag ein stor kvardagsregion der ein har stor grad av pendling, kultur og fritidstilbod og handel. I tillegg har alle desse kommunane eit utstrekt samarbeid med kvarandre på veldig mange område. Vi skulle ideelt sett hatt med oss Ørsta og Volda også, men det synest vanskeleg.

5. Kva politisk gruppe i kommunen din synest du det er mest naturleg å samarbeide med?

– For oss er det naturleg å samarbeide med dei partia som vi har samarbeidd tettast med dei siste 3 åra. Arena Ulstein saka har vist klart at det er partia Venstre, KrF og Sp vi har kome best overeins med i budsjettsamanheng. Men vi har som mål å prøve å vere med på å påverke eit kvart vedtak i vår retning og vil difor jobbe saman med alle partia frå sak til sak.

6. Kva er neste store utbyggingsoppgåve i Ulstein når Ulstein Arena er på plass?

– Eg trur det er på tide å roe ned no, men der er mange oppgåver som står i kø. Kan mellom anna nemne nye kryss (rundkøyringar) i Saunesmarka/Høddvoll og ved Rema 1000, ny arbeidskyrkje, ferdigstilling av uteområde på Sjøsida (nye byggetrinn), fleire gangvegar langs farlege skulevegar som Hasund skule – Kleven, Solsida – Haddal skule, Halsen-Skeide, nytt dagsenter for psykisk utviklingshemma osb. Men tronge økonomiske rammer gjer at det kan ta tid, og det må folk vere førebudd på. Det vi derimot ikkje ønskjer å stoppe opp med er å legge til rette for nye bustadtomter og næringstomter. Dette er utgifter til inntekts erverv, og det har vi rett og slett ikkje råd til å la vere.

7. Det synest å vere brei semje om å krysse Sulafjorden med bru. Kva slags løysing og kva slags traséval har du mest tru på?

– Dette er framleis under utgreiing, men personleg ville eg føretrekt ei midtre linje med tunnel frå Holstad gjennom fjellet til Brandalstranda og ei kryssing med ei flott hengebru som gjekk rett i tunnel på andre sida til Vedde og deretter i tunnel under Borgundfjorden. Men uansett kva løysing som vert valt vil dette verte knallbra!

8. Kva oppgåver ønskjer du å prioritere innan omsorgssektoren?

– Først og fremst å auke grunnbemanninga generelt slik at vi kan få bukt med eit høgt sjukefråvær. Deretter ønskjer vi å rette fokus mot kvardagsmeistring, slik at menneske som har fått nedsett funksjonsevne kan settast i stand til å meistre kvardagen best mogleg sjølv. For å få til dette må ein setje inn mykje ressursar i starten etter for eksempel eit slag, men etter kvart kan ein trappe hjelpa kraftig ned og i mange tilfelle også heilt. Mange kommunar i Norge, Sverige og Danmark har jobba med kvardagsrehabelitering med gode resultat. Dette har vi tru på då det gir meir livsglede og livskvalitet.