Anders Riise

Les svara frå toppkandidaten til Høgre i Hareid.
Meiningar

Alder: 46

Sivil status: Sambuar og 3 born

Yrke: Dagleg leiar

Politiske verv: Ordførar Hareid kommune, styreleiar Sunnmøre Regionråd, 7.- kandidat for Høgre til Fylkestinget, styremedlem Hafast, nesteleiar i styret Kystvegen Ålesund-Bergen og ei rekkje små verv i kommune og lokalparti.

1. Det synest å vere brei semje om å krysse Sulafjorden med bru. Kva slags løysing og kva slags traséval har du mest tru på? Og trur du ei bruløysing er på plass innan 10 år?

Det er tverrpolitisk brei semje om dette og tida som kjem vil val av trase vere sentralt for korleis Hareid skal utvikle seg framover. Dagens situasjon med eit sentrum prega av gjennomgangstrafikk og ferjer er ikkje god. Hareidsdalen er og sterkt plaga av denne trafikken. Statens Vegvesen vil i løpet av hausten kome med sitt forslag og eg håpar at denne kjem på anten Overåstranda – Sulesund eller Brandalstranda – Nøringset. Vidare må traseen gå mest mogeleg i fjell fram i Haredsdalen. Eg er overbevisst om at det trykket som dagens regjering har lagt for realisering av ferjefri E39 vil sikre at Hafast vil vere bortimot ferdig om 10 år.

2. Inntektene på eigedomsskatt i Hareid i fjor gjorde at kommunen greidde å betale ned den planlagde delen av kommunen sitt akkumulerte underskot. I løpet av to-tre år til med E-skatt kan heile underskotet vere nedbetalt. Kva tenker du om det og eigedomsskatten si framtid i Hareid?

Høgre røysta imot innføring av eigedomsskatt og meinar at denne må takast vekk så snart det let seg gjere, dette inneber at det må gjerast andre vedtak som sikrar økonomien. Dersom ikkje det er fleirtal for andre tiltak må den som eit minnimum utfasast når Hareid kommune er ute av Robek.

3. Avgiftsparkeringa i Hareid sentrum nærmar seg. Har du tru på at dette vil bli ei tenleg ordning?

Hareid sentrum har i altfor stor grad vore prega av mykje parkerte bilar og dårleg kapasitet for dei reisande og dei som skal drive butikkar i sentrum. Ved å innføre parkeringsordning vil ein overføre kostnadane frå Hareid kommune til parkeringsselskapet. Ein vil og sikre at ulovleg parkering vert følgt opp og bilar vert fjerna. Likevel er kanskje det viktigaste at fleire kan køyre ilag eller ta buss, dette er miljøpolitikk i praksis.

4. Ferjetilbodet mellom Hareid og Sulesund har vore sterkt kritisert i år. Trur du eit opplegg med ei tredje ferje vil løyse problema? Eller må fylket gjere andre grep?

Tredjeferja vil lette på noko av trykket, men det anbodet som no har vore ute er både dårlegare og meir miljøbelastande enn det vi har hatt. Det har vore store innkøyringsproblem og driftsstansar som  næringsliv, pendlarar og kommunane ikkje kan ha over tid. Det må tre nye ferjer på 120 bilar med moderne og miljøvenleg framdriftsteknologi, enkel laste/losse konstuksjon på det nye anbodet frå 2019. Staten bør få ansvaret for denne strekninga sidan dette er vedtatt framtidig E39 trase.

5. Enkelte politikarar i Hareid ivrar etter å samle alle skulane i Hareid sentrum. Andre vil halde oppe krinsskulane. Kva meiner du?

For Høgre er kvaliteten i skulen det viktigaste og ikkje nødvendigvis kvar skulen ligg. Kommunestyret har bestilt ein kvalitetsplan og kartlegging av kvaliteten i Hareidskulen og dette vil danne grunnlag for korleis vi kan sikre god kvalitet i undervisninga og like vilkår for flest mogeleg.  Når det er sagt opplever vi no elevtals auke på alle våre skular.

6. Målet med kommunereformen er å få større og meir «robuste» kommunar. Kva kommunar på Søre Sunnmøre synest du er mest naturlege å slå saman? Bør Hareid og Ulstein slå seg saman?

Hareid Høgre er positiv til å utrede kommunesamanslåing for å sjå om dagens struktur er hensiktsmessig i eit 30-40 års perspektiv. Vi trur at å slå saman berre Hareid og Ulstein blir for lite og ynskjer at det skal vere fleire kommunar med.

7..  Strandsona på Hareidlandet har vorte stadig meir utbygd og utfylt. Er det på tide å stoppe opp?

Vedtatt kommuneplan er dekkande for dei behova vi kjenner i dag og eg ser ikkje behov for meir bandlegging til industri. Vi ynskjer at strandsona vert tatt i bruk av innbyggjarane og vil prøve og auke tilkomsten for innbyggarane gjennom nye naustområde og hytteutbygging. Hareid Høgre er klar på at den utbygginga som har vore på Mylna og Raffelneset er nødvendig for å trygge og sikre nye arbeidsplassar i Hareid.

8. Er etablering av ein sansehage ved Hareid sjukeheim noko du vil prioritere i komande periode?

Sansehage ved Hadartun har vore og vil vere eit viktig tiltak for demensosorga i Hareid og må finne si løysing innan kort tid slik kommunestyret har føresett. Hareid Høgre ynskjer at kommunen skal vere med på å gjere Hareid til ein demensvenleg kommune i samarbeid med Nasjonalforeninga for folkehelse.