– Humor er bodskapen

Odd Kåre Wiik er klar for Kong Arthurspelet på Sandsøya for tiande gong.

Odd Kåre Wiik er klar for Kong Arthur-spelet på Sandsøya som går av stabelen 10. og 11. august.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Meiningar

Kong Arthur-spelet på Sandsøya vart skipa som Sande kommune sitt tusenårsprosjekt og vert i år arrangert for tiande gong. Odd Kåre Wiik frå Gursken, som vanlegvis arbeider ved drifts- og anleggsavdelinga i Ulstein kommune, har vore med sidan starten.

– Eg vart kontakta av Sande kommune om eg og Brit Gurskevik kunne ta på oss dette, men det vart for stort, fortel Wiik.

Med Astrid Saure, Aril Sande og Oddbjørn Hagen med på laget vart det likevel nok kreativ kraft til å kome i gang med arbeidet.

– Manusgruppa på fem personar var samla ei langhelg for ei slags brainstorming der vi såg på om det var mogeleg å få til ei forteljing. Det enda med fem scener eller akter som vart presentert for 2000-årsnemnda, fortel Wiik.

Vanvitig og greinalaust

Kong Arthur-spelet skil seg frå ein del andre historiske spel i at ein har teke i bruk humor i staden for mest mogeleg realisme.

– Vi spelar på det vanvitige og greinalause, men då med historia om Kong Arthur blanda inn. Manuset vert også endra frå år til år. Humor er bodskapen og såleis er spelet ei motvekt til alle dei seriøse spela, fortel Wiik.

– Kong Arthur-spelet er også seriøst, men i staden for “drep han, drep han”, så satsar vi på dei gode replikkane, litt tøys og tull, og ikkje berre alvor.

Vil få fram latteren

Publikum som tek turen til Sandsøya kan vente seg noko heilt spesielt, men Odd Kåre Wiik ynskjer ikkje avsløre kva som er nytt i årets manus.

– I Tingscena trekk ein inn dagsaktuelle tema og det ventar vi med til like før ein går i gang. Tidlegare har vi hatt med til dømes kongestatuen som ingen ville ha og vi har hatt ein “tysk turist” som forvilla seg inn midt under spelet. Han vart jaga vekk og mange i publikum trudde det var ein som hadde køyrt feil. Vi har lov å gjere mykje og får såleis inn ein del ikkje føresette eller overraskande moment som kan få fram latteren.

Årets manus er ferdig for lengst og gjengen bak Kong Arthur-spelet har hatt ei langhelg med øving. Det er likevel dei komande vekene der hovudtyngda av arbeidet skal leggast ned av dei om lag 150 personane som må til for at alt skal gå rett føre seg. Av dei rundt 90 som er med på scena, er ein stor del barn og unge, og Odd Kåre Wiik skryt av kor flinke dei er til å gjere som dei skal og fylgje manus.

Ein tulling

Sjølv spelar han karakteren Skakk som han trur ville vore sett på som ein skikkeleg bygdeoriginal om han levde i dag.

– Skakk er ein tulling, eller mange vil nok kalle han det. Han er ein godt voksen mann som er litt annleis og utstøytt. Han er tullete, men kan vere tøff, skildrar Wiik.

I fylgje Odd Kåre Wiik får dei svært god mottaking for framsyningane sine og at ein har treft eit publikum, som gjer at det humoristiske spelet er liv laga.

– Dei hadde det moro på den tida også, slår han fast.

Må fiske og gå i fjellet

Utanom aktivitetar knytt til Kong Arthur-spelet har Odd Kåre Wiik nokre ting han helst skal gjer i løpet av sommaren.

– Eg må gå i Sunnmørsfjella, eg må fiske i fjellvatn og eg må ut på sjøen for å dorge laks.

– Sommaren til no har vore fantastisk. Eg har vore ein tur til Frøya, fått fiska på fjorden og vore på både fjell- og sykkelturar. I den lyse årstida så vil eg heller vere heime. Det er ikkje fordi eg ikkje vil reise, men det kan ein gjere ei anna årstid. Eg kan ikkje tenkje meg å ligge stille i fjorten dagar på ei badestrand i syden. Det er meir leveleg med ei veke, men eg må helst gjere noko, seier Wiik.

– Vi er midt i eit paradis her på Sunnmøre, med fjella og fjorden som ligg der og byr seg fram.