Hittil i år er driftsavbrota på strekninga Hareid-Sulesund tredobla i høve til i heile fjor, då dei unge ferjene «Tidefjord» og «Tidesund» trafikkerte sambandet.

Innsetjinga av «Ullensvang» har ikkje vore nokon sukesess. Verken for oss som skal reise med ferja, reiarlaget Norled eller Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mange reisande kjenner seg utrygge på om dei kjem fram i rett tid til flyavgang, sjukehustime eller avtalt varelevering.

Tilliten er rett og slett broten. At ferja to gonger i løpet av tre veker har brasa inn i ferjeleiet gjer ikkje dei reisande tryggare.

For fylkeskommunen er sambandet Hareid-Sulesund blitt dyrt. Ei tredje ferje, gammal den også, er sett inn - og på Hareid har det kome lysregulering av ferjetrafikken. Slikt kostar.

No har fylkeskommunen tinga ein forvaltningsapport over ferjesambanda i fylket. Det er å håpe at rapporten set lys på om det er reiarlaget som ikkje har levert det dei har lova, eller om det er fylkesommunen som ikkje har vore presise nok på spesifikasjonar når anbodet vart lyst ut.

Har fylkeskommunen fleire verkemiddel overfor reiarlaget, eller har dei abdisert? Og kva skal til for å terminere kontrakten?

Noko må skje. Ullensvang og Høgsfjord har sett oss tilbake i tid. Sambandet treng ein meir moderne ferjepark.