Ser av kommentarar i Vikebladet av 15.02.07 om fastlandssamband Flø-Ålesund at det blir ein omveg å reise Flø-Godøy/Heissa slik ordføraren i Giske rår til. Men dette er feil. Frå Strandkrysset i Ulsteinvik der 90%-95 % av trafikken frå Søre Sunnmøre og lenger sørfrå vil måtte passere, blir eit samband Flø-Godøy/Heissa kortaste veg til alle vitale reisemål. For den som tvilar, er det berre å finne fram eit kart og sjekke. Her er nokre smakebitar: Reisestrekning over Flø Hareid Frå Ulsteinvik til Ålesund sntr. 27 km 38 km Frå Ulsteinvik til Vigra flyplass 37 km 52 km Frå Ulsteinvik til Åse sjukehus 37 km 43 km Frå Ulsteinvik til Spjelkavik 39 km 45 km Frå Ulsteinvik til Haram (gjennom Hamnsund-sambandet) 39 km 50 km Frå Ulsteinvik til Kverve 34 km 41 km Frå Ulsteinvik til Magerholm 50 km 53 km Det er m.a.o. berre dei som skal til Langevåg som kan ha ein fordel av eit Hareid-samband. Tala viser tydeleg kvar omvegen går! Dessutan: Det er no klart at Hareid-sambandet ikkje kan byggast med fjelltunnel (konklusjon frå arbeidet med Møreaksen). Flø-sambandet kan truleg realiserast med fjelltunnel dersom tunneldjupna blir rundt 400 m (konklusjon frå arbeidet med Rogfast-tunnelen mellom Haugesund og Stavanger). Ser også at nokon meiner det blir vanskeleg å kome seg til Flø?! Men dette kan vel ikkje vere meint på alvor. Gløym alt som heiter grensesprengande fastlandsprosjekt viss det verkeleg er slik at det ikkje går an å få til ein veg ut til Flø! Lars Langnes