Det er nok ingen som forundrar seg over at eg vil ha ein formålsparagraf for born som peikar på den kristne oppsedinga. Eg kan ikkje sjå det ligg nokon vanske for nokon skule å ha eit siglemerke som peikar på den gode vegen. Og lat meg med ein gong seia at eg trur ikkje på nøytral oppseding, korkje i heim eller skule. Den som vil oppsede, må setje grenser og peike på gode løysingar. Nøytralitet er inga god løysing i oppsedinga! Til nå har vi hatt ein skule som har følgt den kristne arven vår, den kulturarven som har bore fram det beste i samfunnet vårt. Dei som kjem til landet, må få vite dette, og lære det. Dei må også følgje lovene våre. Dei kan ikkje med makt eller med list tvinge inn sine lover og levereglar, korkje i samfunn eller i skule. Den kulturen dei tek med seg, kan vi godt lære, men den skal ikkje dominere innhaldet i skulen vår. Ukritisk integrering har alt ført til store vanskar for alle partar. Til i dag har vi hatt eit godt samarbeid mellom stat og kyrkje. Folk har døypt borna sine, konfirmert seg, vigt seg og blitt ført til gravstaden ut frå kyrkja. Kyrkja sin Herre har gitt oss tru, og dermed ein god moral. Finst det betre levereglar enn dei 10 boda? Og finst det betre bøn og ynskje for folk og land enn Fadervår? Og kven kan betre enn Bergpreika gi korrigering for kristne etterfølgjarar?. Tukl ikkje med den kristne formålsparagrafen i norsk skule. Lat innvandrarar lære kva kristen kulturarv er. Magne Grimstad