I løpet av mars og april månad har medlemmar i Ulstein og Hareid Dykkarklubb dykka ved kaier, moloar, viker og strender rundt omkring på Hareidlandet. Men ikkje for å kose seg og nyte det flotte livet under vatn. Dei har vore på  ”oppdrag spøkelsesteiner». Det vil seie teiner som har blitt attgløymt, kasta eller mista. Men som framleis er eit fungerande fangstreiskap.  For når teiner blir liggjande igjen på havbotn, fortset dei å fange skaldyr og fisk. Når desse døyr tiltrekker dei seg nye skaldyr og fisk - og slik fortset teinene å fiske utan at nokon tømer dei. Ei teine laga av nylon eller anna slitesterkt materiale, kan i prinsippet ligge på havbotn og fange fisk i mange, mange år.

Men problemet gjeld ikkje berre teiner. Også garn slit seg, blir mista eller attgløymt. Fiskeridirektoratet har hatt årlege oppreinskingar på fiskefelta sidan 1980-talet, der dei leitar etter desse ”spøkelsesgarna”.  Yrkesfiskarar har plikt til å rapportere om tapte garn, fritidsfiskarar blir oppmoda om det. Men få gjer det. Derfor er direktoratet avhengig av gode kjelder, lokalkunnskap og litt flaks for å gjere denne viktige jobben. Fram til 2014 er cirka 18 000 tonn garn tatt opp. Mange av desse garna står djupt, og i nokre av dei kan det stå to-tre tonn med roten fisk.

Men herrelause teiner og garn utgjer berre ein brøkdel av den marine forsøplinga. Kvart år hamnar 8 millionar tonn søppel i verdshava våre. Om lag 75 prosent av dette er plast. Plast som ikkje forsvinn. Og som har ei levetid på fleire hundre år. Der det går tre månader før ein mjølkekartong er brote ned, tek same prosessen 450 år for ei plastflaske. Skremmande, særleg med tanke på at det årleg blir produsert 311 millionar tonn plast i verda. Dei norske utsleppa av plast er omlag 30 000 tonn i året.  Det er 5,6 kilo på kvar av oss. Eg veit kor mine kilo kjem frå.

Har du nokon gong laga taco? Først steiker vi kjøtdeig, som er pakka inn i plast. Så kuttar vi paprika, tomat og agurk, alt nøye pakka inn i plast. Vi riv ost pakka inn i plast, og vi kuttar salat som er pakka inn i plast. Så varmar vi skjell eller lefse, begge pakka inn i plast. Vi lagar guacamole av avokado pakka inn i plast, og kven elskar ikkje ein klatt rømme til, som kjem i beger av plast. Ein fredagstaco tilsvara omlag ein handlepose (av plast) med plast. Omlag 40 % av all plast kjem i form av emballasje. Og halvparten av all plast er laga til eingongsbruk. Vi pakkar inn, pakkar ut og hiver.  Nylig vart det oppretta ei underskriftskampane med tittelen: Nei til unødvendig plastemballasje. Kampanjen er retta mot matvarebransjen, og ber om at dei bytar ut plastposar med handlenett og gjenbrukbare frukt- og grønsaksposar. Eit lite privat initiativ som i skrivande stund har fått over 10 000 underskrifter.

For brukt plast kan brukast på nytt. Det finst det bevis på i alle heimar på heile Hareidlandet. Eg trur eg skal tørre å vedde. For kven har vel ikkje eit eller anna fleeceplagg? Ein jakke, ein hals eller eit pledd? Og fleece kan lagast av resirkulerte plastflasker. Først blir flaskene kutta opp, deretter omdanna til fiber og så til tekstilfiber. Den opphavlege plastflaska har gått frå å vere ein stor plastbit til bitte, bitte små plastfiber. Det kunne vore reint miljøvenleg å kjøpe fleeceplagg. Men alle medaljar har ei bakside, også denne. For når du vaskar fleecen din, kva skjer da? Jo, for kvar vask vil om lag 2000 bitte, bitte små fiber av plast vere med  skylevatnet ut i havet. For desse fibrane er så små at dei ikkje blir stoppa av noko reinseanlegg. Vi snakkar om mikroplast.

Mikroplast er plast av verste sort. Små plastbitar som er mindre enn fem millimeter. Og svært skadeleg for miljøet og det marine livet. Mikroplasten si overflate tek opp i seg miljøgifter som PCB og DDT, og flyt rundt på verdshava som små giftbomber. Der blir dei spist av plankton og små fiskelarvar, som igjen blir spist av større fisk og fugl. Det er nok ingen som blir sjuke av å ete fisk som har ete plankton som har ete mikroplast. Enda. Men det er grunn til vere bekymra, då mengdene mikroplast i havet er så enorme.

Rundt ein million sjøfugl, 100 000 marine pattedyr og ei ukjent mengde fisk blir skada eller døyr unødvendig kvart år på grunn av marin forsøpling. Det utgjer eit ressursproblem, men er også ei etisk problemstilling. Både fugl og fisk et fragment av søppel som dei forvekslar med mat, og kan ha magesekken full av søppel. Dette kan gjere at dei ikkje tek opp næring, eller at de får ein falsk oppleving av å vere mette. Saman med gras, tang og tare, tek fuglane med seg nylontau og nylongarn for å bygge reir.  Når dette viklar seg rund kroppen eller halsen til fuglen får den store skader eller blir kvalt og døyr. Eller fisk, sel og andre pattedyr som viklar seg i plast og tau og får store skader, blir kvalt eller druknar. Dette skjer over heile verda, også i vår eigen bakgard. Alle som har vore på Runde, anten til fots eller i båt, kan finne spor av marin forsøpling og konsekvensane dette har for fugle- og dyrelivet der.

Marin forsøpling blir av mange rekna som vår aller største miljøutfordring. Men kva kan vi gjere? Det kan verke som ei umogleg oppgåve å hindre marin forsøpling. Det vil krevje internasjonale avtaler og globale tiltak. Vi skal vere takknemlig for at vi har eit velfungerande reinhaldsystem. For i mange delar av verda finnes det inga system for handtering av søppel. Mykje av dette hamnar i havet, og blir ført av garde av vind, straum og bølgjer. Og noko av det vil hamne på ei strand nær oss.

Neste laurdag er det den store Strandryddedagen. I fjor vart i overkant av 600 000 meter rydda, og det vart plukka opp om lag 2,5 tonn søppel. Om lag 20 000 personar brukte over 36 000 timar på det frivillige ryddearbeidet. Alle som vil kan vere med, og du kan registrere eller finne en ryddeaksjon på nettsida til organisasjonen Hold Norge Rent.  På facebook er det ei svensk side som heter «Ett skräp om dagen». Ein kampanje som oppfordrar kvar enkelt av oss til å plukke opp ein bit søppel kvar dag. Det er som med dei fleste ting i livet. Ein må starte med seg sjølve. Og det har dykkarane på Hareidlandet gjort til det fulle. I skrivande stund har dei plukka opp over 250 herrelause teiner. Applaus.