Ordbruk og haldningar Eg er glad vi har ei lokalavis som set viktige spørsmål på dagsorden og kommenterer ulike tilhøve - det vere seg lokalt eller nasjonalt. Slik skil lokalavisa seg frå andre små lokalaviser, og gir ein dose som det stundom smakar fugl av, andre gongar gir irritasjon. Det siste skjedde no sist laurdag, og det engasjerte meg såpass at eg fekk lyst til å dele nokre tankar. I leiarkommentaren sin sist laurdag tar redaktøren opp eit fenomen som uroar han slik, at han tar i bruk omgrep som eg trudde vi hadde kvitta oss med i ein humanistisk og sivilisert nasjon. Han syner til aukande vinningskriminalitet, og er bekymra om fengsla våre skal verte fylte opp med omreisande avskum. Eg er den siste til å hevde at kriminalitet skal løne seg og at kriminelle ikkje skal møte sanksjonar. Det er slik vi greier å halde samfunnet vårt stabilt, og innbyggjarane trygge. Men vi må ikkje gjere dette for enkelt. Auken i vinningskriminalitet – som rett nok har gått i bølgjer – er nok ikkje berre dei omreisande frå andre land som står for. På våre kantar som i landet elles, er det utover organisert kriminalitet òg knytt nært opp mot rus – og særskilt narkotikabruk. Som kjent var det ikkje så mykje av dette på 1960-, og 1970-talet, så statistikk vert lett misvisande om ein ikkje tek med det heile biletet. Det burde skape otte at eit velferdsamfunn som vårt, gjennom politikkutforming og andre organiserte strukturar og kultur bidrar til avvik frå sosialt aksepterte normer gjennom marginalisering og utestenging. Denne tenkinga kan vi og overføre til arbeidsinnvandring og til dei få av desse som gjer seg skuldige i brotsverk: om menneske opplever seg som aksepterte og inkluderte, har dei for mykje å tape ved å forbryte seg mot lover og sosialt aksepterte normer. Redaktøren skriv at han òg før har sagt at vi treng arbeidsinnvandrarane og at vi må her vere rause. Det skulle berre mangle, vil eg hevde, ettersom vi etterkvart ser at vi kan stå på skuldrene deira og nyte velstanden dei har vore med å leggje grunnen for. Når somme seglar med falskt flagg eller i følgje redaktøren sin dokumentasjon er med i organisert kriminalitet, er dette spørsmål som helst må løysast gjennom internasjonalt politisamarbeid. Det kan ikkje vere vanskeleg for dei politiske partia å sameinast om at det ikkje skal stå på ressursar. Og eg kan gjerne vere samd i redaktøren når han seier at dei må sone i eige land. Men bygg ikkje vidare på den myten at dei norske fengsla er "for gode". Det er så lett å seie for alle andre enn dei som har kontakt med kriminelle og familiane. Men det vi kan rå med lokalt, og som eg nok skulle ønske redaktøren og greip fatt i når han går inn i ein så vidt kompleks sak og plasserer seg moralsk, er korleis og kvifor vi let arbeidsinnvandrarane stå utanfor den sosiale fellesskapen. Vi plasserer dei i brakkeriggar og kasernar – gjerne langt frå tenester og andre menneske- det held at vi får arbeidskrafta deira ei kort stund. Men mennesket lever ikkje av brød åleine, sjølv om arbeidsinnvandrarane er her berre periodar eller få år. Vi vart eit rikare samfunn om vi opna meir opp. Vi må ta betre vare på dei som vil vere i Norge – og her handlar det faktisk ikkje om å vere rause, det er like mykje dei som er rause mot oss. Hallgerd Conradi