Jula er eit eventyr for små gutar og jenter, i alle fall for oss som vaks opp på femti- og sekstitalet. Forventningane var ikkje av den overdådige sorten og heilt utan kommersielle føringar, for oss budde i småsamfunn med ”to hus og ein skarp sving”.

Før rasjoneringa på bilar vart oppheva i 1960, hadde far ”fått lov av Gerhardsen” å få ein varebil til Samvirkelaget. Det var ein Commer. Vi snekra eit tregolv i den om hausten. Ei fantastisk gåve i frå landsfaderen, syntest vi.

Mor hadde fått tak i ein ny rull med glanspapir, jamvel om vi hadde restane i frå i fjor, som vi kunne lage julekorger av. Potetklisteret til juletrelekkjene var røyrt ut og trengte berre litt ekstra vatn, så rakk det fram til februar og avisutklippa med Kuppern, Aanes og Verdsmeister Johnny Nilsson. Stordalingen Moe kom på fjerde og han med det stilige namnet: Rudie Librechts vart berre nummer ni. Jul og vinter var eit eventyr for ein femåring, som ikkje hadde fleire oppgåver enn å kome når mor ropa oss inn til kakao og barnetime. Det var godt å få av seg ullongsen, strikka av ei kjærleg mor, men som klødde so inn i hutiheita på kvalpefettet.

Nede på butikken var det mange freistnadar i hyllene. I pakkar og laus vekt. Spissposane var små der dei sto i den vesle metallringen på vekta når kandissukker, rosiner og fiken skulle bli vegd opp.  I hyllene var det stilige øskjer der dokker med badekar, bilar med batteri og anna uoppnåeleg var synt fram gjennom eit cellofan-vindauge i pakninga. Ei eventyrverd og eit pust i frå det store utland. ”Made in Hong Kong” stod det. Det gjekk lenge før eg forstad kva det var. Den jula fekk eg brannbil i metall, med lyd, sendt i posten i frå Gøteborg. Hugsar dufta av pakken til denne dag. Milde Jerimias kor byrg eg var. Jul var magi, og midt i magien stod det ei mor, som regissør. Ei glad og lukkeleg tid der jula oversteig kvardagen med enkle grep. Det var heller ikkje rom til så mykje lettsindigheit på løna til ein handelsstyrar.

Julemagien bleikna utover i ungdomstida. Det vart større krav til materiell avkastning og dei kommersielle føringane vart styrande. Julepynten vart kjøpt inn, ikkje laga av adventsborn. Forventning hadde marknadskreftene teke over etter kvart som kjøpekrafta sette ny rekordar kvart år.

Difor var jula i 1978 spesiell. Ute på ei rydda helling, nedanfor det som ein gong var den Transjordanske jernbana, hadde vi bygd eit stort feltsjukehus. Vi var 128, som jobba NORMEDCOY  i Naqoura, Libanon. Om julekvelden var vi samla i soldatane sitt messeteltet. Nokon få hadde fått ta inn nokre familiemedlemmar i høve julekvelden og det fall i mitt lodd å være nisse. Alle skulle få bok-pakke i frå Forsvarsminister Rolf Hansen. (Eg syntest elles at han kunne ha valt noko lettare til nissesekken.) Langt heime i frå, i uniform breidde det seg ei underleg fin stemning over sjukesalar og forsamling, midt mellom byen Tyr og grensa. Utstyrt med kjøresetel og folkevogn buss køyrde eg dei besøkande attende til Israel utpå natta. Det vart ein spesiell tur. Førarkort fekk eg først fleire år seinare.

Spesielt også for at det vart siste møte mellom dei eg hadde i bilen og far deira, som vart drepen kort etter. Eit sterkt minne i frå jula  det året.

For eit par tiår sidan, då vi hadde små born, var desember sett av til gode naboar, vener, som stakk innom kjøkendøra. Flatbrød i frå Kleiva, kvitløkslaks i frå Sunnfjord, rømme i frå Ålesund og ”Romjulsnatt i Sør” i frå NRK. Ei god og rimeleg oppskrift på førjulsstemning på Saunes. Ein god porsjon magi bevart til neste generasjon som sov i etasjen over, fulle av forventning.

Jula 1960 fekk eg ikkje mindre enn to traktorar, den eine med vogn, som eg sovna og vakna opp med. Eg velta juletreet to gongar det året, så dette var ikkje nokon form for beløning. Tretti år seinare sat eg på golvet i stova og bygde sjørøvarskute då sonen min endeleg hadde sovna og eg fekk ta over skipsbygginga sjølv. Det var ei stor og komplisert skute som ikkje var leveringsklar før etter fire på morgonkvisten. Den natta opplevde eg igjen litt av magien i frå jula hine dagar.

Eit venepar skal feire jul på hytta si. Noko eg har gjort med stort hell mange gongar på vår vesle og enkle bu. Men i tillegg har dei invitert med seg eit par flyktningar med baby, og ein mindreårig asylsøkjar. Dei fann tid og plass til dei i sitt  ”herberge”. Ei øving i nestekjærleik, som det står respekt av i ei alt for hastig og kommersiell verd.

Ynskjer dykk ei god og fredeleg jul i lag med alle kjære!

<strong>Jul i Libanon:</strong> Artikkelforfattaren var jula 1978 på opprag i Libanon, og det fall i hans lodd å vere nisse julaftan. (Foto privat).