Det slår meg, når eg ser innlegga med argument omkring bussentral i Myrvåg eller Dragsund, at det er ein stor skilnad mellom tankegangen i offentleg og privat måte å tenke økonomi på. Det er, eller bør i alle fall vere, eit mykje nærare stykke mellom uttrykte mål og styring av pengebruken i privat økonomi enn i den offentlege. Det kjem fram kor stor denne avstanden kan vere i den politiske debatten om bussmøtestad på Garnes eller i Myrvåg. Vi kan få det inntrykket at god eller dårleg bussdrift er knytt til Garnes eller Myrvåg. Det er ho sjølvsagt ikkje. Vi ser berre endå eit døme på politiske uttrykksmåtar og drakampar for å gi eigne argument ein oppblåst verdi utan rot i marknaden, eller hos busspassasjerane. Vi blir serverte argument som kanskje fungerer i ein kommunestyresal, men ikkje mange metrane ut frå rådhusdøra. Dei skal tene til å overtyde dei usamde og vinne tilhengarar. I den politiske prosessen, der vi utanforståande er å rekne som publikum, er det viktigaste å vinne voteringane i tru på vedtaka styrer røyndomen. Slik er det sjølvsagt heller ikkje. Som éin sa det: Du kan ikkje vedta røyndomen. Sagt på ein annan måte: Terrenget blir ikkje annleis av at du endrar kartet. Som ei følgje av den offentlege, politiske tenkjemåten er budsjetta alltid meir interessante enn rekneskapen. Vi lurer oss til å trur at det du ønskjer, er viktigare enn kva som faktisk skjedde. Dermed ønskjer vi betre busstransport samstundes som kostnadene med bussdrifta skal ned, køyredistansen skal bli kortare og bussane helst skal drivast av luft. Så køyrer bussane meir og meir på dei nye, rette vegstrekningane. Det vert om å gjere å spare, så bussdrivarane held budsjettrammene så politikarane kan gi endå strammare budsjettrammer og vise at dei får hjula til å gå rundt for minst mogleg pengar. Når åra er omme, konkurrerer politikarane om å forklare kvifor vi ikkje brukar buss slik dei vedtok. No får vi vite at ein av syndebukkane høyrer til i Myrvåg. Vi ville kome oss raskare og betre fram om vi bytte buss på Garnes, får vi vite. Det spørst berre kvar du kjem ifrå - og kvar du skal. Spør einkvan på Larsnes i Sande eller Frøystad i Herøy og høyr kva svar du då ville få! Med ein buss-økonomi som ikkje er styrt etter den fleirtalsbestemte røyndomen, spør vi ikkje berre etter kor store utgiftene er. Då tel balansen og overskotet mest. Viss berre inntektene er store nok og vi får overskot, så kan utgiftene vere store viss det er naudsynt for å sikre balansen og overskotet. I offentleg verksemd vil overskotet oftast kome i form av betre tenester. Då må bussreisa gjerne verte litt lenger, berre bussane køyrer der det er folk. Då blir det viktigare å spørje seg kvifor bussane ikkje lenger køyrer gamlevegane i Haddal og Eiksund der det bur folk langs vegen, enn at politikarar finn glede i politisk handverk ved å vinne over herøyværingane og sandssokningane og få bussveksling på Garnes og ikkje på herøysida av Dragsundet. Velviljen skal vere sterk for å bli overtydd om at ein slik debatt fører til eit betre buss-samband. Eg har ikkje greie på bussdrift. Men eg trur likevel at skilnaden mellom godt og dårleg buss-samband handlar om noko anna enn kvarteret til og frå Garnes eller Myrvåg. I dag aukar avstanden mellom dei reisande og bussen. Det er verre - i alle fall for dei få av oss som framleis brukar buss. Då er det viktig for ho som ikkje har bil, bur i Eiksund og brukar bussen når ho skal handle, at bussen køyrer så nær huset at ho kan klare å gå heim med handlenetta. Då er det godt om bussen går oftare, så ikkje mykje av dagen må gå med til å vente på neste buss - ikkje i Myrvåg, men i Fosnavåg eller Ulsteinvik. Då kan bussen gjerne vere mindre luksuriøs og ta eit par - tre stopp ekstra. Om det vert dyrare å drive, kva burde det bety, berre bussen fekk fleire passasjerar som gir auka billettinntekter og klarte å løyse oppgåvene sine betre? Kva skal vi med tome bussar som køyrer sparsommeleg? Vi klarer oss kanskje ikkje utan offentlege pengar i bussdrifta. Men la pengane først og fremst gå til betre buss-samband og ikkje til å finansiere politiske turneringar mellom ambisiøse kommunepolitikarar om kvar det er best å byte buss. Aksel Knutsen