Det nærmar seg stortingsval. Måndag 9. september vert det avgjort kven som skal styre landet det neste fire åra. Nokre har bestemt seg for lenge sidan kven dei skal røyste på, medan andre framleis er i tvil. Ein god del vel å sitje heime valdagen. Kva med deg? Gå inn på Vekespørsmålet og avgi di stemme!
Mange har svart på førre spørsmål, "Er avgiftsparkering løysinga på parkeringsproblema i Ulsteinvik?". Heile 70 prosent seier at dei ikkje har noko tru på at dette vil løyse problemet, 27 prosent meiner at dette vil ha ein positiv verknad, medan tre prosent svarer at dei ikkje veit.