Men statsråden har ikkje tenkt å halde ord. Tvert om legg ho no grunnlaget for å redusere barnehagetilbodet til barn og småbarnsforeldre. For private barnehagar skal få redusert tilskott frå finansministeren. Likebehandlinga av private og kommunale barnehagar skal no ta slutt. Private barnehagar vert i beste tilfelle tvinga til innskrenking av drifta, og innføre sparetiltak. Dersom dette hadde vore gjort av Høgre ville retorikken være at ufølsomme og kyniske Høgre legg barna på samleband. I ei årrekke har sosialistane harselert med Høgre sin vilje til å ta i bruk private leverandører av tenester innafor pleie- og omsorgssektoren. Bestemor på anbud har vore dei raude sin retorikk. Men nettopp private tilbod har redusert ventelistene i barnehagane. Det same var det med helsekøene. Høgre sin helsepolitikk førte til at sjukehuskøane vart betydelig redusert i perioda 2001-2005, noko dei raudgrøne ikkje synest noko om. Regjeringa har viktigare ting føre enn å hjelpe folk. Dei har ein ideologi å dyrke. Ideen om at offentlig tenester er det einaste rette!!! Regjeringa har dessverre allergi mot private løysingar, noko som no vert stadfesta på ny, og som går utover folk flest. Eg meiner det er stygt av regjeringa å la folk stå i kø grunna ein ideologi som tilhører ei anna tid. Private barnehagar står bak omlag 125.000 barnehageplassar. Dette er om lag halvparten av alle barnehageplassane i landet, og har redda Halvorsen frå total audmjuking. Regjeringa sin allergi mot privat næringsliv og tenestetilbod er påfallande. Ei innstramming av dei økonomiske rammene til private barnehagar fører til færre barnehagar, færre arbeidsplassar, og foreldre uten eit faglig og trygt oppvekstmiljø for sine barn. Vi kjenner til at undersøkingar viser at foreldre er fornøgde med kvaliteten i kommunale barnehagar. Dei er endå meir fornøgde med private barnehagar. Er taktikken å redusere rammene til dei private for at regjeringa skal skaffe offentlige barnehagar betre omdøme enn private? Høgre vil sikre lovfestet likebehandling av offentlige og private barnehagar. Vi ynskjer at private barnehagar skal ha lovfesta rett til å motta same støtte som kommunale barnehagar, ikkje berre 85% som i dag. Vi vil sikre etableringsretten; alle godkjende barnehagar skal ha rett til å etablere seg og motta offentlig tilskudd. Høgre vil styrke foreldra sine muligheiter til å påvirke innhald og kvalitet i barnehagen. Høgre vil også at du skal få velje barnehage for ditt barn. Arnulf Goksøyr Fylkesleiar M&R Høgre