Hareid har allereie innført det og ulsteinrådmann Einar Vik Arset føreslår eigedomsskatt i budsjettet for dei neste tre åra.

LES OGSÅ: Så mykje kan Ulstein får inn

Meiningane om denne skatten er delte. Er dette ei grei måte å få inn nokre kroner til eit hardt pressa kommunebudsjett, eller tykkjer du vi betaler nok skatt som det er?

Klikk deg inn på Vekespørsmålet og sei kva du meiner!

- La innbyggjarane bestemme

Førre gong vi la ut vekespørsmål lurte vi på kven som bør bestemme om ei kommune skal slå seg saman med andre.

1205 personar har avgitt si røyst, og av desse meinte heile 80 prosent at dette burde innbyggjarane sjølve avgjere. 5 prosent ville overlate dette til kommunepolitikarane, medan 15 prosent meinte staten byrde avgjere dette.