Vi var mange som merka oss at fagdirektøren ved sjukehuset i Ålesund ikkje ville gi løyve til at nyrekreftsjuke Odd Nesse frå Ulsteinvik skulle få alternativ behandling med immunterapi.

Hovudregelen er at medisinen nivolumab ikkje skal takast i bruk ved norske sjukehus, fordi han er under metodevurdering. Unntaket er viss pasienten skil seg klart ut frå pasientgruppa elles.

Odd Nesse fekk kreftdiagnosen for seks år sidan, og har levd mykje lenger enn det legane trudde. Han er i full jobb og har blitt kvitt i overkant av 20 svulstar.

Etter at media begynte å skrive om saka til Nesse, bestemte fagdirektøren i Ålesund seg for å snu. Han vedgjekk at Nesse skilde seg ut frå pasientgruppa, og at han hadde vore unøyaktig første gong då han landa på at Nesse si sjukdomshistorie ikkje var unik nok. Dermed slepp Nesse både å flytte til Austlandet, der slik behandling er tilgjengeleg ved Ahus, og å skilje seg.

LES OGSÅ : Odd må ikkje flytte og skilje seg likevel

Fagdirektøren i Ålesund skal ha ros fordi han snudde, og for at han vedgjekk at han hadde vore upresis i vurderinga si første gong.

Nesse sjølv takka media for å ha gitt saka hans merksemd. Mange kan meine det er synd at media må vere plogspiss, men vi må vere samde om at det er viktig å ha ei oppegåande presse som kan setje urett  på dagsorden. Det vil vere ei skam for Helse-Norge dersom vi ikkje kan få livsviktig behandling fordi vi bur i feil fylke.