Arbeiderpartiet har nyleg diskutert framtida for den norske kyrkja. ”Vi treng inga tru, berre ei kyrkje”, synest å vere konklusjonen deira. Derfor vil partiet avvikle kristendommen som statsreligion i Grunnlova, men halde fast ved at Den norske kyrkja skal vere styrt frå eit departement. Stort klarare går det ikkje an å demonstrere kva som er partiets eigentlege mål: Makt! Borgarleg og sosialistisk side har gjennom alle år hatt grunnleggjande ulike syn på kva kyrkja skal vere. Spesielt for Arbeiderpartiet har kyrkja blitt eit organ for å sikre politisk styring med Norges aller viktigaste trussamfunn. For oss på borgarleg side har det blitt eit stadig sterkare ønskje å styrke trussamfunnet og overføre makt frå politikarane til dei aktive medlemmane i kyrkja. Tru er rett og slett ikkje ei statsoppgave. Dette er bakgrunnen for at både Høgre og KrF har programfesta å avvikle sjølve statskyrkjeordninga. Ein ting er at samfunnsutviklinga har ført til at vi har fått stadig fleire som ikkje ønskjer å vere medlem av nettopp denne kyrkja. Ein annan ting er at eit trussamfunn ikkje skal vere ein politisk reiskap, men ein sivil fellesskap som knyter truende saman. Det er mulig at enkelte i Arbeiderpartiet synest det er ein god idé å auke Trond Giske si makt over statskyrkja. Trond Giske og Jens Stoltenberg gjer i alle fall det. Eg er ikkje overraska over at både Senterpartiet og SV, med ulike grunngjevingar, reagerer like negativt som Høgre. Arbeiderpartiet si nye statskyrkje er ei langt dårlegare ordning enn den vi har i dag. ”Arbeiderpartiet vil alltid være sosialistisk i den form Arbeiderpartiet gir sosialismen i sitt program”, sa ein Ap-statsminister ein gong. I dag er det Arbeiderpartiets politikk å sikre si eiga makt, og det for einkvar pris. Kyrkja vil dei ha kontroll med, trua får nokon andre ta seg av. Petter Løvik Stortingsrepresentant – Høgre, Møre og Romsdal