Sitt 1.banesår fekk huset i 1965 då vegen gjennom Hareidsdalen vart opprusta til slik den ligg i dag.Ved Trudvang vart den flytta om lag 15-20 m nærare huset. Det året reiste 39 000 bilar med ferja medan det i 2006 var 648 000. Av desse var 33 000 store bussar, lastebilar og trailerar over 12 m. Kvar dag dundrar no over 5000 køyrety berre nokre få meter forbi nordveggen. Ille er dette for ”kulturhuset” som etter ein konkurs av Ulstein Sparebank vart seld til Hareid Songarlag. Verre er det for dei hundrevis av sambygdingar (men ingen ordførar!) som bur tett inn til vegen og årleg må tåla uskjerma song og dekksus frå 2 millionar bilar. Dette gjer det lite trivleg å sitja i solveggen ved eige hus og heim. Ei endring hadde ein høve til for nokre få år sidan, men den vart manipulert bort. Det 2. banesåret kom då nokre av originalvindauga vart skifta ut med moderne thermopanmonstrum som skjemmer ut heile bygningen sin opphavlege arkitektur. Resten vart attspikra. Vandalismen vart oppfylgd med den nakne, galvaniserte spiralforma redningstrappa mot aust saman med bølgeblekk på tak og drevvegg. Det 3. og endelege såret er det manglande vedlikehaldet. Dei nye vindauga har sett sine beste dagar og eitt er knust, inngangstrappene held på å rasa saman, taket lek og bordkledninga eit sorgens kapittel der du kan telja dei rusta spikrane gjennom målinga når du køyrer forbi. Det støybelasta uteområdet rundt huset er sanneleg heller ikkje noko velpleia ”kulturbeite” korkje å visa fram, kosa seg på i pausen eller som kan gi nok plass til parkering. Sidan det er mange år sidan eg var innandørs, veit eg ikkje korleis vedlikehaldet der har vore. Dei siste 30-40 åra synest planmessig regulering og bygging av vegar og fortau til bustadfelta og utforming av nye hus som oppfyller vanleg god byggeskikk og visuell kvalitet ikkje å ha vore med i kommunen si tolking av kulturbegrepet. Likeeins med vedlikehald av kommunale bygg, stell av naturlege uteareal og verning av biotopar til trivsel for alle og ikkje berre det som på kort sikt gir arbeidsplassar og profitt. I mangel av dette saman med den frie marknaden for raske pengar i byggebransjen som kommunen har sleppt laus utan ansvar og moral, held den estetiske ”fotbanninga” av bygda fram. Derfor er vel ikkje den helsinga ferdafolk har vore møtt med det siste året som er ”tagga” på tunnelveggen i sentrum så mykje feil: Welcome to Texas. Kva skal nedprioriterast? Når ordføraren og nye kandidatar i fylgje V/V vil ha istandsetjing av Trudvang ved hjelp av kommunale midlar høyrest det gildt ut, men ein må då ha lov til å grubla over kva kommunen i så fall skal nedprioritera av pålagde oppgåver og det som har vore lova folk både munnleg og skriftleg, men står uløyste periode etter periode på eit utpint budsjett under administrasjon utanfrå. Slik Trudvang no er forsømd og forsarva, nyttar det ikkje med preik og symbolske småskillingar. Er det endelege målet total rehabilitering til slik det stod ferdig i 1919 som eit prydeleg hus eller skal det berre vera ø.hj.-tiltak? Og kvar skal ein ta til av alt som må gjerast? V/V skriv elles at ordføraren er på leit etter eldsjeler og folk frå lag og organisasjonar som skal gjera fagleg gratisarbeid. Då er det rimeleg å minna om at vi berre er 4500 menneske i vår vesle kommune som alle kan treffast etter 10-15 minutt. På sterk friviljug basis held desse eldsjelene i stand 4 bedehus, klubbhusa til 2 idrettslag og eitt skyttarhus, Holesanden, gamle Snipsøyrskulen, bygdatunet ”Vonheim”, selskapsromet på sjukeheimen, aktiviteten rundt Ishavsmuseet og no også pakkhuset på Brandalskaia. Skal dette trappast ned? I tillegg er det planlagd klubbhus på golfbana på toppen av alt det friviljuge arbeidet som vil krevjast dei komande åra i dette 20 millionarsprosjektet der kommunal garanti er ein del av finansieringa. Jobb, fritid og heimedugnad. Dette dugnadsarbeidet kjem på toppen av at dei fleste må tidleg opp for å koma seg på jobb og er slitne mot kvelden. Dessutan krev eige hus og ungar mange daglege, praktiske gjeremål etter full arbeidsdag av begge ektefellane utanfor heimen. Kanskje har ein båt og er medlem av eit småbåtlag med hamn som stadig treng si handsrekking. Slike handsrekkingar meinar leiaren av Ishavsmuseet må til når restane av den opphavlege ”Aarvak” er komen under tak og treng ”kosmetikk” for 5 millionar kroner i tillegg til dei 10 millionane som vernebygget skal kosta. Ofte lite påakta vert alle dei kvinneleg samfunnsengasjement sett på som ei sjølvfylgje, men dei óg krev mykje arbeid, tid, pengar og omtake. Svært mange familiar har i dag ei hytte som treng praktisk vedlikehald og stell både ute og inne for ikkje å verta utsjåande som ”Trudvang”, men vera ein trivleg plass å reisa til. Vaksne barn og barnebarn som skal vitjast bur ikkje lenger snertent til på nabogarden eller i grannebygda. Andre likar best å nyta fritida og pensjonisttilværet i solveggen utanfor eit hus i syden, på songøvingar, rotarymøte, til idrettsarbeid mellom barn og ungdom eller fram for fjernsynet. Den dugnadsiver med glød, pengar, bygningskompetanse og tid som det Hareid frilynde ungdomslag stilte opp med i 1919, trur eg ein vil få problem med å mobilisera slik alt har endra seg sidan den gongen. Dermed vert nok kulturhuset Trudvang ståande og forfalla utan noko framtid og framleis vera ei skam for Hareid. Vakker nostalgi ser ein ikkje utanpå eit nedsarva hus for det ligg alt for langt inne i våre tilårskomne og til dels forkalka skallar. Hans Howlid