For tre dagar sidan var det brann i asylmottaket i Hemsedal og 162 greidde heldigvis å berge seg ut. Årsaka er uklår, men uro har breidd seg. For frå Sverige har vi høyrt om brannstifting av til no 26 asylmottak - planlagde eller i drift. Ingen som står bak, har stått fram. Det har heller ikkje vedkomande gjort som for tre veker sidan stifta brann i ein tomannsbustad i Ringen i Ulsteinvik. Heldigvis greidde dei to familiane på 12 menneske inkludert 10 barn å kome seg ut i tide, elles ville dette vore ei ufatteleg tragedie i lokalsamfunnet vårt. Merkeleg nok er det alltid om natta denne type brannar skjer. Brannane har fått det heile til å rykke nært oss; den store asylsøkinga til landet vårt -  korleis kan vi handtere dette når det finst menneske som reagerer primitivt med frykt for det framande og som handlar i ly av mørkret? Eg har ikkje svar, men eg har ei haldning eg trur eg delar med mange. Det er oss no; det er det store fleirtalet sine haldningar og handlingar til asylsituasjonen som no gjeld. Vi må tore å snakke om dette og ta debattar om kva som er vanskeleg, at vi er usikre på framtida når så mange asylantar søkjer mot landet vårt. Det står ikkje i motsetnad til dei verdiane vi har om eit ope og tolerant samfunn, respekt for andre og solidaritet og omsorg for menneske i naud.

Vi kjenner oss uvisse på asylgrunnlaget. Er alle verkeleg i slik naud at det skal påkalle dei store hjelpetiltaka og omsorga frå oss? Korleis kan vi vite at dei ikkje er lukkejegarar, kriminelle eller kjem for å spreie religiøse bodskap? Korleis kan vi vite at dette ikkje er storpolitikk og ein freistnad for både naboland og krigførande land å kvitte seg med uønska individ og grupper? Vi kan ikkje vite det. Det beste vi kan vone, er at våre styresmakter held tunga beint i munnen og som snarast får bemanna opp dei instansane som skal ta stilling til søknadane slik at dei ikkje vert for lenge i transitt. Vi andre må halde fast ved synet av barna i gummibåtane, bilda frå det bomba Aleppo, dei forvilla menneska på strendene på Lesvos. Så vil vi etter kvart som vi vert nærare kjende, få deira livshistorier, slik det har vore med dei andre som har kome og fått status som flyktningar og vert meir permanent busette i kommunane.

Vi er redde for at den store tilstrøyminga gjer noko med samfunnet vårt, at kulturen endrar seg, at vi på sikt ikkje lenger ser kva det typisk norske er. Sjølv er eg ikkje så redd for dette. Mor mi brukte t.d. mykje nellik, allehånde og muskat i maten då eg var barn på femtitalet. Kor hadde ho det frå? Det var ikkje krydder som ein hadde i utgangspunktet i Norge. Vi gløymer lett at vi på ulike vis har hatt migrasjon og handel i over 4000 år og at landet vårt gradvis har tileigna og tilpassa seg nye kulturelle uttrykk frå ein fellesarv frå Middel-Europa, Middelhavslanda og nære Østen. Men det framstår som noko anna å få ein stor og framand kultur i èitt  til lands slik vi gjer no, og i eit slikt mangfald.  Då må vi kunne skilje kva vi vil stå for og ta vare på, og kva vi gladeleg tek til oss av nye skikkar og levemåtar.  Det eg for min del er redd for, er at dei nye landsmennene ikkje får oppleve same fridomen som landet vårt tilbyr;  at kvinnene må vere tildekte, at barna ikkje får leike fritt, at ungdomane ikkje får vere saman på tvers av kjønna. Det er fare for at dei vert i lukka miljø der strenge normer og ritual held dei fast i bestemte maktmønstre, anten kjønns- eller religionsstyrte. Men eg trur at eit ope samfunn med samvær mellom kulturelle grupper,  og krav om skulegong i den norske einskapsskulen, på sikt kan vere med å løyse opp slike mønstre. Vi har sett det før, også innan skiljeliner som har vore i vår eigen kultur.

Velferdsordningane strekk ikkje til. Uavhengig av politisk ståstad, er det ingen som misunner regjeringa den asylsituasjonen som har oppstått, og det kjenst ikkje rett å slå politisk mynt nett no. Vi veit ikkje korleis det skal gå med Norge vidare, også i den store overgangen frå oljeverksemd til meir landbasert og eksportorientert verksemd. Denne uvissa må vi leve med. Det er ei stor omstilling der alle må bidra til gode løysingar for å sikre landet inntekter til dei velferdsordningane landet har. Men landet har òg 733,5 milliardar i  Oljefondet som ein buffer mange land ikkje har, truleg nok til å greie nokre betydelege omstillingar. Eit gode er det elles at asylsituasjonen er med å spreie og omfordele pengestraumen til kommunar og lokale verksemder ute i regionar og distrikt. Vi må heller ikkje gløyme at alle dei varer og tenester som no vert leverte m.a. kjem handelsnæringa til gode.

Asylinstituttet er ein heilag rett, sa Terri Senior frå Røde Kors denne veka på eit møte for lokale flyktningeguidar i  Ulstein. Det er ei sterk formulering, som eg forstår slik at det ikkje ligg opp til ein kvar å svekke trua på betydninga av asylretten. Som anna heilag er dette noko vi må hegne om. Folk har til alle tider hatt behov for å røme frå noko, anten forfølging, krig eller katastrofar. Vi kan stå makteslause å sjå på, men om vi rokkar ved asylretten, har vi som menneske mist den mest grunnleggjande tryggleik vi kan ha som verdsborgarar. Nett no handlar det om å finne dei gode ordningane for rett hjelp. Vi må elles greie å stå i ein uviss situasjon, som t.d. at velferdsordningane kan verte svekte på sikt. Det er likevel vanskeleg å tenkje at det skal vere grunn for at menneske i akutt naud ikkje får hjelp; at vi bare skal vere oss sjølve nok. Og det personlege initiativ og engasjement trengst i stort mon. Så lukke til då, Asadullah Mohammadi og Iselin Eliassen Aske  m.fl. som snart reiser til Lesvos med bagasjen full av kle og anna som er samla inn frå barnehagebarn og andre på Hareidlandet. Dei vil  hjelpe menneske som har hatt ei strid tørn. Det er slikt vi må gle oss over sjå når vi elles vert lamma av nyhenda om nye brannstiftingar. Asylkatastrofen kan òg få fram det beste i folk flest.