Arbeidsmarknaden i regionen vår er i krise. Torsdag kom meldinga om at Rolls-Royce Marine skal seie opp 150 personar i Norge, og det er liten tvil om at blant desse vil det bli mange frå Hareid og Ulstein.

Ulstein Group har det siste året redusert selskapet med 150 tilsette, og har i tillegg om lag 70 tilsette som er permitterte. Fleire av dei har nådd grensa på 30 veker.

Personaldirektør Torild Bugge uttalte i Vikebladet Vestposten tysdag at det er bra regjeringa går inn for å utvide permitteringsordninga frå 30 til 52 veker, men at ho synest det er merkeleg at regjeringa ikkje har vore villige til å gjere dette tidlegare.

Ap.-leiar Jonas Gahr Støre meiner norsk økonomi er i krise, og at statsminister Solberg og finansminister Jensen må innsjå røyndomen. Men Solberg uttalte i spørjetimen på Stortinget onsdag at Norge ikkje er i økonomisk krise.

Krisa er nok ikkje like stor over heile landet, men i den maritime klynga langs kysten vår er det mange som no har tøffe dagar. Ikkje minst småbarnsfamiliar med høge huslån som lever i uvisse om dei har arbeid å gå til.

NAV-direktør Stein Veland uttaler til Sunnmørsposten at han førebels har sett lite av tiltakspakken regjeringa la fram, og han håper dei no kjem med betre tiltak.

Eitt av dei kan vere tiltak for å fornye gamle ferjer og fraktefartøy. Det er det mange i Hareid og Ulstein som håper tiltaka kjem straks.