I Vikebladet Vestpostens laurdagutgåve gjer redaktøren og Anne Gry Eilertsen eit stort poeng av at Framstegspartiet nærast er kulturfientleg. Dette er ein påstand som ikkje kan stå uimotsagt. Framstegspartiet har i sine alternative budsjettframlegg aldri foreslått kutt i kommunale løyvingar til kultur, tvert om har vi stått samla i lag med dei øvrige partia om nivået på den kulturelle satsinga i kommunen med 2 unntak: Vi var i mot å stille kommunal garanti for heile gjelda til Høddvoll Stadion fordi vi var overbeviste om at dette ville føre til at kommunen måtte ta rekninga når selskapet ikkje lenger greidde å handtere gjelda si. Dette blei av fleirtalet i kommunestyret avfeia som tøv og svartmaling. Som mange veit måtte Ulstein kommune i fjor innfri denne garantien etter at selskapet i fleire år har slite med økonomien. Våre påstandar viste seg difor å halde vatn. Det andre unntaket er sjølvsagt Tre-i-eitt saka som no vert realisert. Vi understreka heile vegen at vi ikkje var i mot sjølve prosjektet, og at vi som alle andre såg at dette ville gje positive ringverknader i lokalsamfunnet. Grunnen til at vi gjekk i mot saka var at vi meinte at det kommunale bidraget var alt for stort (ca 50 mill totalt sett), og at dette ville gå hardt utover kommunale primæroppgåver som undervisning og omsorg. Ved budsjetthandsaminga no i haust fekk vi sjå at våre påstandar ikkje var teke ut av lause lufta. Dei kommunale tenestene er under sterkt press, men er inntil vidare redda av god skatteinngong og høg aktivitet i næringslivet. Likevel ser det ut til at SUFH sine tidlegare lokale på Reiten kan verte ein dyrekjøpt lærdom for kommunen til tross for gode tider. Kor situasjonen hadde vore (eller vil bli) ved lavkonjuktur kan vi berre forestille oss. Vi håper sjølvsagt at kulturhuset skal vere med til å gi kulturen i Ulstein og regionen eit løft, og vil vere svært fornøgde dersom dette viser seg å verte ein suksess (også økonomisk). Vi har til tross for motstanden mot Tre-i-eitt saka vore på linje med resten av kommunestyret når det gjeld nivået på driftstilskot til kulturhuset, og skal sjølvsagt bidra til å få bygd både idrettshall og symjehall i Ulstein til beste for idretten. I Ulstein har kulturen vore dominert av frivillege lag og organisasjonar som stadig vekk imponerer med sine prestasjonar. Dette er noko vi alltid har verdsett. Det er difor ikkje nokon grunn til å spå eit kulturelt forfall dersom vi tek over styringa av kommunen.