Det vart inga utnemning av ny sentralbanksjef 14. januar. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var ikkje klar til det denne fredagen.

- Saka blir lagt fram i statsråd så snart vi er klare til det, opplyste kommunikasjonssjef Therese Riiser i Finansdepartementet nokre dagar før.

Kva tid Finansdepartementet er klare, veit eg ikkje i skrivande stund. Laurdag 15. januar sette eg meg nemleg både forventnings- og skamfull på eit fly med retning mot Gran Canaria. Då var denne Go’dag-artikkelen ferdigskriven og sendt til redaksjonen. I ei vekes tid skal eg prøve på å vere fri som fuglen. Og for det eg veit; kanskje er ny banksjef utnemnd når dette kjem på trykk.

Men det er no lov å tenke litt, likevel. Det har stått om to kandidatar: visesentralbanksjef Ida Wolden Bache og NATO-sjef Jens Stoltenberg. Begge har så avgjort «sine papirer» i orden, og begge kan truleg bli dyktige sentralbanksjefar. Dei siste vekene har media brukt mykje spalteplass og tid på betraktningar kring Jens Stoltenberg sine middagar og samtalar med Nicolai Tangen, sjefen for Oljefondet, statsminister Jonas Gahr Støre og Knut Brundtland, son til Gro og styreleiar i meklarhuset ABG Sundal Collier. Både media og sentrale politikarar har ytra seg så sterkt mot Stoltenberg sitt kandidatur at lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert saka. Konklusjonen deira er at Jens Stoltenberg ikkje er inhabil til stillinga som sjef for Norges Bank.

Og det er sikkert rett. Men kjernespørsmålet er om det likevel er klokt å utnemne han.

Eit av argumenta for at han må få jobben, er at han gjennom NATO har opparbeidt seg eit stort kontaktnett og at han er rette mannen til å halde den noko fargerike sjefen for Oljefondet i øyrene. Implisitt i ein slik argumentasjon ligg det vel at det klarer ikkje Ida Wolden Bache. Det må eit mannfolk til.

I Aftenposten 11. januar skreiv politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim om middagsselskapet i januar i fjor, der Knut Brundtland var vert og Jens Stoltenberg og Nikolai Tangen var gjester. Eit av emna rundt bordet var nettopp stillinga som sentralbanksjef, ei stilling som også inneber å vere styreleiar for Oljefondet, verdas største fond. Knut Brundtland var også ein av deltakarane på seminaret Tangen arrangerte i USA hausten 2019. Eit seminar av det rause slaget, der deltakarane ikkje betalte noko.

Eg skal prøve å gjere døma på kameratskapen kort: Knut Brundtland var i sin ungdom ein del av «Happen-gjengen», ein gjeng vestkantgutar, som også omfatta Jonas Gahr Støre. Sistnemnde jobba i fleire år for Gro Harlem Brundtland, først ved Statsministerens kontor, seinare i Verdens helseorganisasjon. Og då Støre i 2017 rota seg inn i eit omstridt eigedomsprosjekt hjalp Brundtland han gratis med å forhandle seg ut. Tidlegare TV2-sjef Kåre Valebrokk fortalde i 2008 ei interessant historie til Aftenposten. Den gjekk ut på at dåverande statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre troppa opp hos styreleiar Brundtland i A-pressa for å prøve å få tidlegare statssekretær Jan Erik Larsen inn som ny konsernsjef. Dei mislykkast, men Brundtland la til rette for at to av dei fremste politikarane i landet, og personlege vener av han, skulle påvirke tilsetjinga. Også dette skjedde heime hos Brundtland.

At Arbeidarparti-politikarane Støre og Stoltenberg har hjelpt kvarandre opp og fram er ei kjend sak. Til dømes fekk Stoltenberg Støre inn i partiet sitt sentralstyre - og då Stoltenberg reise til Brüssel for å bli generalsekretær i NATO, tok Støre over som partileiar. Enkelte har dei siste vekene hevda at Stoltenberg, etter åtte år som NATO-sjef, er ute av partipolitikken. Men blant andre Martin Kolberg, leiar i valkomiteen i Arbeidarpartiet, fortel at han fekk fleire telefonar frå Brüssel om at Stoltenberg ville ha Hadija Tajik til nestleiar.

I februar 2008 måtte barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen gå av etter berre 3-4 månader i stillinga. Bakgrunnen var at ho hadde avgjort at barneombod Reidar Hjermann skulle erstattast av juristen Ida Hjort Kraby då åremålet til Hjermann gjekk ut i april same året. Til då hadde det vore vanleg at slike åremål vart fornya med fire nye år etter den første perioden. Saka førte til medieoppslag, og det vart stilt spørsmål ved Ramin-Osmundsen sin habilitet. Ho hevda at ho ikkje hadde noko nært venskap med Kraby. Etter nokre dagar kom det fram at dei to hadde feira både bursdagar og andre merkedagar i lag. 14. februar 2008 inviterte dåverande statsminister Jens Stoltenberg inn til pressekonferanse, der han alvorstyngd kunne opplyse at barne- og likestillingsminister Ramin-Osmundsen hadde varsla at ho ville gå av som minister.

Ramin-Osmundsen vart den gongen av mange stempla som løgnar.

I ettertid har eg fleire gonger tenkt at Ramin-Osmundsen kanskje ikkje var ein del av den skjulte makteliten som dreg i trådane for kvarandre. At mange har kome seg opp og fram gjennom vennskap og kjennskap, er det ingen tvil om. Ikkje minst i Arbeidarpartiet.

Så sjølv om Jens Stoltenberg er erkjent habil av lovavdelinga i Justisdepartementet, bør han ikkje bli sjef for Norges Bank. Det vil uansett lukte av «kameraderi», og det er ikkje Arbeidarpartiet tent med. Vi vil ikkje ha «polske tilstandar», der regjeringsvennlege blir sett inn i sentrale posisjonar.

Så denne gongen bør det bli Ida Wolden Bache. Først og fremst fordi ho skal vere drivande dyktig, men også fordi det er på tide med ei kvinne i denne stillinga.