Det er mykje interessant å lese i Vikebladet Vestposten. No i det siste har ein fått presentert ein del nyttig statistikk om veret, folkeflytting og likestilling. I tillegg finn ein nyttige opplysningar i bladet som kan handsamast statistisk og gi viktig kunnskap. Til dømes så kjem det fram i ein artikkel før jul at av dei 20 beste utsegnene i Ulstein og Hareid i 2006, så var der berre ei (5%) som kom frå ei kvinne (jente). Dette er ikkje noko ny erfaring og stemmer godt med det ein fann ut i Jødeland for 2000 år sidan. Vikebladet har og funne at av 26 utflytta fotballspelarar frå vårt distrikt er 100% menn. Dette uventa resultatet kan kanskje skuldast at bladet bruker fotballspelar berre om menn og at det derfor kan vere ein ide å drøfte i språkspalta om kvinnelege fotballspelarar skulle kallast fotballspelarinner? Godt nytt år!