Vikebladet Vestposten har spurd sentrale personar frå Ulstein og Hareid om korleis dei tilbringer jula, og om dei har tenkt seg ut eit nyttårsforsett. Spørsmåla dei fekk svare på er følgjande:

1. Kvar og saman med kven feirar du jul i år?

2. Er det spesielle ting du må gjere i jula?

3. Kva svarer du når folk spør kva du ønskjer deg til jul?

4. Har du laga deg eit nyttårsforsett?

Karsten Warholm (friidrettsprofil, Dimna IL)

1. Eg feirar jula heime på Garsholhaugen saman med den næraste familien.

2. Eg pyntar treet veslejulaftan, laga peparkakehus og ser julefilmar.

3. I år har standaren vore “hekje peiling”. For å vere heilt ærleg anar ikkje kva eg ønskjer meg.

4. Målet neste år er å legge meg tidlegare om kveldane. Eg har fått ein uvane i det siste at eg er altfor trøytt om morgonane.

Erik Sandal (fotballprofil, IL Hødd)

1. Eg feirar jula saman med familien heime i “Polljen”.

2. Sandal-slekta har ein fin årleg tradisjon. Kvar julaftan samlast vi med farmora vår og et lunsj der. Ho har nemleg bursdag på julaftan. Denne tradisjonen har vi følgt så lenge eg kan hugse.

3. Eg svarer: “Spør Lone”. For sjølv har eg ikkje noko fornuftig å komme med.

4. Nei, det har eg ikkje tenkt så mykje på. Eg vil jo alltid gjere ein betre sesong enn den i førevegen. Men eg må vite meir om kven vi har i stallen neste år før eg seier så mykje meir om målsetjingar og slikt.

Johs Riise (kjøpmann ved T. Riise)

1. Julaftan feirar vi heime på Rise. Eg, fruen, borna våre, bror min og mor mi samlast. i Casa Riise.

2. Eg jobbar alltid på julaftan. Det er alltid nokre som ikkje har vore så kjapt ute med julehandelen, og sidan eg sympatiserer med denne gruppa menneske må eg hjelpe dei. I tillegg er den ein tradisjon at vi møtest med svigers i Ulsteinvik første juledag til ein viltmiddag.

3. Hittil i år har eg svara: “Verdsfred”. Ingen har hittil oppfylt det ønsket, så eg har på andre forsøk nemnt ein fersk roman – eller noko slikt.

4. Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men truleg blir forsettet det same som i fjor. Nemleg å forbetre meg eitt hakk på alle moglege felt.

Margit Louise Holte (Ulstein-prest i permisjon)

1. I år feirar vi jul saman med familien og ei tante her i Prestegarden.

2. Eg har oftast jobba mykje i jula. No blir det litt rolegare. Men eg skal i kyrkja. Vi har også for vane å ete ein kraftig julefrukost. Får eg lov til å vere litt barnleg må eg i tillegg nemne “Tre nøtter til Askepott” på TV. Det er ikkje alltid eg har fått sett han direkte, men då har eg teke han opp eller sett han på#<\p>DVD. Eg klarer aldri å gi slepp på denne tradisjonen, og no har eg også ei jente som er glad i filmen. Det blir liksom aldri jul utan.

3. “Fred på jord” er vel vanleg å svare, og eg ønskjer meg sjølvsagt det. I år ønskjer eg meg også tid saman med familien. Når det gjeld gåver så må eg svare I-pad og sminke (hehe).

4. Eg sat faktisk og tenkte på det her ein dag. Det må vere meir musikk på ein eller annan måte. Kanskje begynne å synge ein plass eller noko sånt, eller eit anna musikalsk prosjekt. Det må i alle fall bli noko innan musikk, som eg er veldig glad i.

A-lagspelar Erik Standal i Hødd.
Johs Riise ved T.Riise på Hareid.
Idrettsikon Karsten Warholm (Dimna IL)
Ulsteinprest Margit L. Holte