På sundag tek Hødd imot Jerv i det som kan verte den første av tre motstandarar i slaget om å spele i neste års Tippeliga. Hødd kjem til å vinne denne kampen. Hødd kjem til å vere berre to motstandarar unna å igjen kunne spele på øvste nivå i norsk fotball – eit nivå Hødd har vore på berre i det magiske fotballåret 1995 sidan klubben sin gullalder i åra mellom 1965 og 1972.

Alle desse åra i mellom og etter har vore magre for klubben. Rett nok er Hødd det laget i norsk fotball som har flest sesongar på nest øvste nivå, og rett nok vart klubben på mirakuløst vis noregsmeister i 2012 under suksesstrenaren Lars Arne Nilsen, men i seriespelet har det vore magert. Den sesongen klubben vann cupen haldt vi samstundes på å rykke ned til andredivisjon, før vi sesongen etter enda som tredje beste lag og fekk kvalifiseringsplass som i år.

Suksesstrenaren Lars Arne Nilsen si beste plassering i serien for Hødd er altså tangert denne sesongen av hans etterfølgjar, Sindre Eid. Det kan kanskje vere lett å gløyme kor stor denne prestasjonen er historisk – tida går fort og minnet svinn som kjent minst like raskt – men om ein ser på tabellane frå i år og tilbake finn ein at Hødd ikkje har vore høgare enn ein sjetteplass sidan opprykket i 1994(!). Ein fjerdeplass i 1. divisjon og kvalifiseringskamp til Tippeligaen har klubben altså berre klart maken til ein gong dei siste 21 åra.

Likevel. Når eg reiser heim til Sunnmøre og vitjar Høddvoll ein sundag – slik eg har gjort mest heile livet – ja, heile dette nokså magre tilskodarlivet med unnatak av sesongane ’94, ’95 og 2012 – ropar godt vaksne menn frå tribunen at ”no må du sjå å trekke deg, Eid” eller det som langt verre er. Sjølvsagt er også eg innforstått med at dei som betalar gode pengar for å sjå lokal fotball har krav på å seie det dei meiner – dei har rett til å gje uttrykk for sine meiningar, men har dei også samstundes rett i desse meiningane?

Når ein dei seinaste dagane vidare les lokale aviser som Vikebladet og Sunnmørsposten kjem det fram at både journalistar på kommentarplass og klubbens eigne spelarar på treningsfeltet slår tilbake mot ein personhets som har råka Sindre Eid og hans familie. Det er vanskeleg å forstå seg på. Korleis har dette kome til? Korleis har vi hamna her? Kva slags forventning er dette eit uttrykk for? Og kvifor hetsar vi vår eigen som attpåtil har gitt oss ein slik historisk suksess-sesong?

Les også: Forlèt trenarjobben med rak rygg

Sindre Eid har spela 440 kampar for Hødd, berre fire personar (brørne Hasund, Otto Sundgot og André Nevstad) i Hødd si 104 år gamle historie har spela fleire kampar, han har erfaring frå Tippeligaen både i klubbar som Molde, Hødd og Haugesund, han har vore kaptein på samtlege landslag han har spela for – frå U15 (gutelandslaget), U16, U17, U18 (juniorlandslaget) – og til og med på OL-laget i 1994 var langevågaren kaptein for landet sitt. Som trenar var han assistent for Lars Arne Nilsen i fire år og høgst delaktig i å føre klubben fram som noregsmeister i 2012, før han fullførte den høgaste trenarutdanninga i landet – UEFA A-lisens – med toppkarakter – og tok over som sportsleg ansvarleg for klubben i sitt hjarte i 2014. Klubben i våre hjarte.

Historisk er også Sindre Eid ein suksesstrenar for Hødd.

Kva så med samtida? Er det likevel andre faktorar som tilseier at han ikkje har hatt suksess som trenar i si periode i Hødd? Er det slik no at Hødd har kome i ein posisjon der vi har prestert under par med Eid som ansvarleg for laget vårt?

Om vi ser på korleis dei ulike laga i OBOS-ligaen løner spelarane sine, noko som er ein mykje nytta variabel for å forklare om lag presterer over eller under par – det er sterk korrelasjon mellom løn og resultat – kjem Hødd ut på åttandeplass. Hødd har nytta 5,2 millionar kroner på å løne sine spelarar gjennom denne sesongen. Over dei finn vi Brann (25 millionar), altså fem gongar så mykje – og dette er eit lag Hødd har slått to gongar i år. Deretter finn vi Sogndal (11 mill.) som Hødd også slo heime. Båe desse laga har altså rykka opp og dimed kan ein seie dei har innfridd og levert på par. Vidare: Fredrikstad (8,4 mill.), Sandnes Ulf (8,2), Hønefoss (7,6) og Bryne (7,5) – alle lag med større lønsbudsjett, men som Hødd likevel har klart å prestere betre enn. I tillegg har også Kristiansund eit høgare lønsbudsjett enn Hødd med sine 5,5 millionar kroner.

Hødd har altså overprestert denne sesongen under Sindre Eid. Faktisk har berre eitt lag i årets OBOS-liga prestert betre enn Hødd ut ifrå føresetnadane, og dette er Jerv (3,5 mill.) frå Grimstad – som alle er samde om har prestert over både evne og par. Til gjengjeld baserer Jerv drifta si på den rike Ugland-familien sin filantropiske godvilje, og har ikkje bygd opp ein gradvis og berekraftig infrastruktur som laget vårt i Ulsteinvik. Vi har lagt stein på stein, vi har vore varsame og nøysame som dei sunnmøringane vi er. Vi er og blir ein dugnadsklubb, av og for folka som bur og arbeider og har søner og døtrer i klubben. Vi er den klubben i årets 1. divisjon som ressursane og dugnadstimane våre tilseier skal hamne på åttandeplass. Dette er par for Hødd.

Så har altså den nøysame drifta og dugnaden skapa ein slik lagnad for oss at vi har fått bygd opp Nye Høddvoll, vi har fått bygd opp eit treningssenter på høgde med det beste nokon klubb i landet kan tilby, og folk frå Ulsteinvik og bygdebyane rundt har møtt opp på Nye Høddvoll i store massar og heia fram laget sitt. I snitt har det kvar kamp i år vore 2 066 menneske på stadion. Kanskje har nokon av desse fått ei kjensle av at vi er større enn det vi verkeleg er? Kanskje kan forventningane som innimellom har kome til uttrykk frå somme om at ein trenar som heile sesongen har kjempa i toppen med laget sitt og likevel ”bør sjå til å trekke seg”, forklarast med at vi er mange no – mange som kan, mange som vil, mange som meiner, mange som har noregsmeisterskapen frå 2012 friskt i minne? Kan det vere at vi som er så mange, på ein ny og flott stadion, ikkje har prestert like godt på banen som på tribunen?

Nei. Sindre Eid og Hødd har i løpet av årets sesong prestert på par kva gjelder tilskodartal. Hødd er den klubben i OBOS-ligaen med fjerde flest tilskodarar. Og som kjent vart også laget det fjerde beste i divisjonen. Over oss finn vi Brann og Sogndal som har prestert i forhold til oppmøte og interesse, samt Fredrikstad som har prestert under. Også ifylgje denne variabelen har Sindre Eid og Hødd levert akkurat det interessa og tilskodarstorleiken reflekterer, medan ein ut ifrå økonomiske føresetnadar altså har prestert langt over.

Kan det då vere ytterlegare andre grunnar til å be ein trenar i byrjinga av si trenarkarriere, som er vår eigen, med ein slik imponerande CV, med så gode resultat, eit så stort hjarte for klubben, og ein så ung alder som 41 år, om å trekke seg? Har han til dømes hatt eit spelarmateriale han ikkje har fått nok ut av? Han arva jo eit lag frå Lars Arne Nilsen i 2014 som enda opp med kvalifiseringsplass til Tippeligaen? Eller gjorde han eigentleg det? Kvifor var det Lars Arne Nilsen valde å trekke seg tilbake som Hødd sin trenar igjen? Var det ikkje fordi han hadde vore i klubben i seks år og bygd opp det eine laget etter det andre? Var det ikkje fordi han den sesongen han gav seg mista nøkkelspelarar som Pål André Helland til Rosenborg, Akeem Latifu og Andreas Lie (lån) til Aalesund og Sivert Heltne Nilsen til Vålerenga? Jo. Så var det altså ikkje det same laget Sindre Eid arva som enda opp på kvalifiseringsplass året før, når ein i tillegg hugsar at også Erik Sandal var skada heile denne sesongen.

Sindre Eid måtte bygge eit nytt og eige lag då han tok til i 2014. Og resultatet kjenner vi. Hødd kom på åttandeplass. Akkurat på par. Og sjølv om Sindre Eid altså mista to av sine beste spelarar før årets sesong i Victor Grodås og Robin Shroot, som gjekk til Sogndal, klarte han å erstatte desse og bygge nok eit nytt lag, som altså enda på ein historisk og samtidig kontekstuell knallsterk fjerdeplass.

Dette gir oss kvalifiseringsspel og vi er berre tre motstandarar unna å spele i Tippeligaen. Men samstundes finn vi oss i ein situasjon der ein god mann for klubben går. Og dette sjølv om alle pilene peikar oppover for Sindre Eid, Hødd og oss. Dei som har bede Sindre Eid om å trekke seg har gjort dette på feilaktig og misforstått grunnlag, og dei som har stått for ein personhets mot han sjølv og hans familie, kva no enn dette måtte vere, burde skamme seg.

Det er ingen grunn for nokon å be Sindre Eid om å trekke seg som trenar for Hødd. Han har prestert på par i sin første sesong, sjølv om halve laget frå året før forsvann for han, og han har overprestert i år med sitt nye og eige mannskap. Likevel har altså trenaren sjølv valt å trekke seg.

Eg trur han når han seier han er sliten og treng ei pause etter 25 år som spelar og trenar i norsk toppfotball, og eg vonar det ikkje er fordi nokon har lagt eit press på han som ikkje høyrer heime i røyndomen. Sindre Eid er ein suksesstrenar i Hødd. Hans CV som trenar og spelar finst det ikkje maken til på Høddvoll, heller ikkje hans eksamen frå trenarutdanninga, eller hans resultat etter berre to år i klubben.

Diverre får vi no ikkje svar på kor langt han kunne ha teke oss, men at ein god mann for klubben går, ein ung og talentfull trenar som endåtil er ein høddmann frå nedste skruknott til det mest høgtragande hovudstøyt, er tvillaust – og kjennest feil og reverserande.

Sindre Eid har ikkje svikta nokon, men tvert imot har nokon svikta Sindre Eid. Måtte han i det minste møte eit nytt Høddvoll på sundag som kan sin fotball og veit å anerkjenne hans prestasjonar som trenar for klubben i hans og våre hjarte.