SV har gjort to ting for barnehagebarna i løpet av snart fire år i Regjering: Drygt tre milliardar kroner meir årleg går no til barnehagane og no sist har vi fått lovfesta rett til barnehage. Resultatet av dette er at vi har nådd 98.5 prosent dekning for barnehageplassar. Er ikkje det bra? Goksøyr og Høgre burde juble i staden for å klage over resultatet av at SV prioriterar ungane. Dette er ein tendens eg ser hos fleire blå ordførarar på Sunnmøre. Skrik og ber seg fordi dei vil ha meir SV politikk og betre kommuneøkonomi. Men då må dei støtte SV når vi kjempar for gode fellesløysingar for ungane våre. SV har berre drygt 8 prosent av stemmane så skal det bli meir SV politikk treng vi støtte og ikkje klage når vi får til noko. Ingen har starta fleire private barnehagar i Møre og Romsdal enn lokale SVarar. Ikkje minst før i tida då det nesten var synd og skam med barnehage og kommunane slett ikkje sette ungane først. No legg vi frå 2011 om systemet slik at kommunane får ansvaret for finansiering av barnehagane. Rammefinansiering gir kommunane høve til å gjøre heilskapelege prioriteringar, og gjør at avgjerda tas lokalt og nærmast dei det gjeld. Regjeringa har vidareført øyremerket tilskot i barnehagesektoren inntil full dekning er nådd, slik det står i Soria Moria-erklæringa. Dei private barnehagane er viktige. Om lag halvparten av barnehagebarna går i en ikkje-kommunal barnehage. Kommunane er helt avhengige av dei private barnehagane for å overhalde retten til barnehageplass og sikre full barnehagedekning. Den raudgrøne regjeringa har innført ein lovfesta rett til barnehageplass frå 2009, som kommunen er forplikta til å overhalde. Derfor vil det være i kommunanes interesse å gi dei ikkje-kommunale barnehagane økonomiske rammevilkår som gjør at tilbodet i kommunen oppretthaldes. Det er dermed ingen grunn til å frykte at barnehagar blir lagt ned som følgje av dette forslaget. Barnehagar som allereie er etablerte er sikra finansiering. Er det noko eg er stolt over å ha fått til så er det satsinga på barnehagar. Og korfor skal vi stoppe der. No gjeld det lønna og pensjonane til dei som jobbar der og i andre typiske kvinneyrke. Korfor skal kvinner tene mykje mindre enn menn? Eg veit om kvinner som dagleg går og venter på ein telefon om å få ei ekstravakt for å klare å betale rekningane sine. Rett til heiltid, muleg deltid får bli slagordet. Ein grundig gjennomgang av bruken av deltidstillingar i kommunane på Sunnmøre bør vi gå i hop om. Er du og Høgre med, Goksøyr? Av Bjørn Jacobsen, stortingsrepresentant SV