No har kvardagen innhenta oss, borna har begynt på skulen igjen og fritidsaktivitetane startar opp ein for ein; speletimar, fotballtrening, korøving, symjetrening, speidar og turn. Veret minner om haust, Vikebladet kjem i postkassa tre gonger i veka og vekkarklokka ringer litt før klokka er sju. Nokre av oss sprett opp av senga og er klare for ein ny haust, medan andre har litt meir startvanskar og skulle ynskje at ferien kunne vare litt til.

Eg kan minnest ei tid då eg syntest at sommarferien var uendeleg. Dagane låg framføre meg som blanke ark som skulle fyllast med alle slags fargerike opplevingar. Det var alltid sol om sommaren før i tida, slik eg hugsar det, lenge før vi hadde høyrt om klimaendringar og ekstremver. Sol og bading står klart i minnet, men også luking, plenklipping, beising og bærplukking er ein del av sommarminna. Ein kunne ikkje gå ein lang skuleferie og berre late seg, må vite! No synest eg at sommaren er over på ein blunk, både ferien og årstida.

Ferien er noko dei fleste gler seg og har forventningar til. Nettopp derfor kan ferietida vere krevjande for mange. Det er ikkje alt som blir slik vi hadde håpt på. I ferien skal ein ofte ta igjen det ein ikkje har nok tid til elles i året. Vi brukar tid saman med familie og venner og kjem tett på kvarandre i hytter, campingvogner og små hotellrom, kanskje litt for tett for nokre av oss, veggane er tynne og dører og vindauge står opne. Familievernkontora melder om høgsesong etter sommarferien. Det å vere i lag over tid kan tydelegvis ta på parforholdet og ein har hatt tid til å kjenne på korleis ein eigentleg har det. Nokre av årsakene kan vere høge forventningar om familielukke som ikkje vart innfridde eller kommunikasjonsproblem som veks når ein er tett på og ikkje har dei vanlege pausane frå kvarandre.

Eg har i fleire år tona ned forventningane til ferielivet. Med tre små må eg berre vedgå at det å reise på tur ikkje har vore prega av ro og avslapping, heller tvert imot. Difor har eg dei siste åra heilt medvite snakka om å reise på tur og ikkje på ferie, mest av alt for å ikkje skuffe meg sjølv. I sommar synest eg at eg fleire gonger har vore innom feriemodus, eg klarte til og med å lese fleire bøker sånn nokolunde i samanheng og utan å sovne etter berre eit par sider. I år var det femåringen som midt i ferien utbraut med gråt i stemma: “Mamma, i morga vil ej i barnehagen!” Det var saknet etter dei vanlege rutinane og kvardagslivet som slo inn.

Sjølv om eg synest ferien gjekk vel fort, er det godt å vere tilbake i kvardagen når ein først er i gang. Eg er takknemleg for å ha ein jobb å gå til med meiningsfulle arbeidsoppgåver og gode kollegaer. Det å starte opp eit nytt skuleår og få møte nye elevar som er i ein så viktig fase i livet er like spennande kvart år. Kven er dei? Korleis skal dette gå? Kva kan vi få til saman? Kvar skal ferda gå vidare? Og slik er det ikkje berre for dei som byrjar på vidaregåande skule, men også for dei minste førsteklassingane, dei som tek til på ungdomsskulen, folkehøgskule og høgare utdanning. For alle desse er hausten starten på noko nytt og eit viktig steg for kvar enkelt elev.

På heimebane har eg mange gode intensjonar for hausten og kvardagane som kjem; intensjonar om betre rutinar i heimen, betre planlegging, betre arbeidsfordeling, betre kommunikasjon, betre kosthald, meir trening, meir soving, meir lesing, meir søndagstur, meir hagestell, meir brødbaking, meir kjeldesortering, mindre køyring, mindre plast, mindre TV-sjåing, mindre bruk av sosiale media og mindre roping. Eg har mange fleire haustforsett enn eg brukar å ha nyttårsforsett. Så gjenstår det å sjå kva eg klarer å gjennomføre. Både ungar og husbonden er informerte om at no er det nye tider. Familiedemokrati er for pyser, eg går for despotisk einevelde. Det kan sjølvsagt vere ei av forklaringane på kvifor mange av forsetta har ein tendens til å gå over til gnagande dårleg samvit, og det ganske fort. Kvardagen innhentar oss og livet humpar avgarde. Kanskje eg skal kalle inn til familieråd for å legge grunnen for gode kvardagar utover hausten?

Det er kvardagane vi har flest av og då er det ein god ide å leve godt i dei og ikkje berre vente på neste helg eller ferie. Hans Børli, som er kjend som arbeidardiktar og ikkje minst skogens diktar, har skrive eit dikt med tittelen På stien en morgen som minner meg på noko viktig. I 2018 er det hundre år sidan denne tømmerhoggaren og forfattaren vart fødd på ein liten husmannsplass langt inne på Finnskogen i Hedmark. Kva kan vel han ha å fortelje oss moderne menneske om livet? Berre les:

Det knaser sprøtt i kongler under støvlene mine,

jeg går her halvt fraværende

med hodet fullt av blå lang-tanker

mens alt er hverdag

og ting av fortrolighet rundt meg.

Ei barnål i ene sokken min

vekker meg med et iltert stikk

- Dette er livet ditt! Her går du

midt i det,

- så lev for pokker,

plukk de gylne solsekundene

opp i den slitte gamle neverskrukka,

hjertet ditt.

Jeg stanser,

står fortumlet på stien

og snyter meg i en flik av morgenrøden.

Klokskap går ikkje ut på dato. God haust og god kvardag!