Om berre få veker blir eg farmor.

Besta.

For første gang.

Tankane i dag, går på dette med å liknast. Eg gler meg slik til å sjå kven dette nye mennesket skal liknast på. Får hen oppstopparnase, lik mi?

Smilehol? Eller får hen dobbelthaker, bollekinn? Kjem hen med fregner lik mora, eller mørke, lange vippar som faren?

Korleis blir faktene?

Veremåten?

Eg får stadig høyre at eg liknar slik på mor mi.

At dei som kjenner oss båe, meiner vi har mange av dei same trekka -vere seg fasong, auge, smil eller måten vi ter oss på. Dei meiner eg har ein veremåte som kan liknast slekta på morssida mi som er så markant, at dei kunne kjent meg att berre på dette- utan at dei veit kven eg i utgangspunktet er.

Så har dei sett litt det same i meg, som dei då kjenner att i mor mi, og seier at ordtaket stemmer: Som mor, så dotter.

Og slik er det.

Eg er no dottera.

Men, så har det seg no slik då, at der igjen er somme som meiner eg liknast så umåteleg på far min. At eg har same lynnet, same humoren, same måten å vere på i lag med andre på. At eg les meg heim til Taksetfolket, både farmor og tante er eg visst lik på.

Ikkje reint lite av fakter og smilehol og gudane veit kva, er eg visst lett å lese attende til denne slektslinja.

Det er her eg tykkjer det blir interessant.

Når somme er så skråsikkert bastante på at Frk. Takseth, jau, ho er som hogt ut av same skåra som far sin, men samstundes går der ein liten armada folk som tykkjer nett det same – berre om morssida. At eg er som snytt utav naseduken på mor mi.

Korleis heng så dette i hop?

Kan ein vere kopi av meir enn ein forelder?

Er eg eit rart tilfelle av atomkrusedullar, genmagi, biologi og litt fysisk kjemi som ved eit uhepp vart kokt i hop til ei som ikkje berre liknast på den eine, men - båe to?

Går det verkeleg an?

Eg hadde eingong ein artig telefonsamtale på jobb som er litt relatert til dette tankespinnet.

Eg jobbar då på ein brillebutikk i Ulsteinvik, og dagstøtt ringer det inn folk som ikkje ser så godt som dei burde og vil då ha seg ein prat om kva som kan gjerast med dette og hint.

Denne dagen det ringde ein slik ein, var det eg som svara i denne enden av røyret. Eg presenterte meg med «Hei, du er komen til Brilleland på Amfi Ulsteinvik, og du snakkar med Unni, kva kan eg hjelpe deg med?»

Berre fornamnet mitt. Ikkje etternamn eller kvar eg kom frå opphavleg, ikkje kven som var foreldra mine eller noko som helst anna som kunne gje han i andre enden hint om kva for ei Unni det var snakk om. Og slett ikkje noko om kvar – eller kven, ho høyrde til.

Berre Unni.

Punktum.

Han i andre enden presenterte seg. La oss kalle han Bjørn for historia sin del, og at han kom frå Måløy. Dette er fiksjon – eg hugsar ikkje namn eller geografi, berre at det var litt utforbi fylkesgrensa vår, pga. dialekta.

Vår mann Bjørn, ville høyre litt om briller, synstesten, prisar og slikt. Han var lydhøyr til det eg sa, og snakkesalig- som underteikna- og vi rota oss fort ut på viddene med det vi eigentleg skulle forrette.

Bjørn og eg- hadde rett og slett ein hyggjeleg samtale, milevis og høgfrekvente ionar frå kvarandre, likevel var det noko nært og attkjennande i praten.

Det var det visst ikkje berre eg som tykte.

Like før vi avslutta, merka eg at Bjørn vart litt stille i andre enden av røyret- ja, eg kunne formeleg ane at der låg eit spørsmål i den telefoniske atmosfæren imellom oss.

«Sei meg ein ting du Unni Brilledame. Eg anar ikkje kven du er eller noko som helst anna om deg enn at du er rasande kjekk og prate med, og no har du no gitt meg alt av opplysningar eg trengde. Men, eg har så grueleg lyst å spørje deg om noko som datt i hovudet på meg under samtalen. Er det greitt?»

Eg vart litt stille.

Greidde ikkje heilt svare.

Kva var det han no skulle spørje meg om?

Var det eit friarmål i emning?

Nei - eg måtte slutte å vere så høg på meg sjølv og heller høyre kva han ville, så eg sa berre: « Spytt ut, Bjørn og spør i veg.»

Det vår mann Bjørn lurte på, var ganske enkelt- men litt utruleg komplisert likevel. Han lurte faktisk på om det kunne vere ein brøkdels sjanse for at eg var dottera til John, altså min far.

Pappa.

Eg var nok litt måpen og stille, men fekk mumla fram eit «Ja, det er eg.

Men ... korleis kunne du vite det?»

Det Bjørn fortalde, gjorde meg både forfjamsa og litt stolt.

Han hadde i yngre dagar hatt kontakt med pappa gjennom jobb. Ikkje noko langvarig arbeidsforhold, men likevel nok til at han hugsa mannen som var så lett å prate med, så lun i humoren og interessert i menneske.

Dette hadde fastna i hugsen til Bjørn, og han kjende på ein måte att min veremåte gjennom telefonrøyr og intergalaktiske bølgjer lyd.

Fordi eg var lyttande.

Interessert.

Slik som far min.

Vi vart nok like forfjamsa over treffsikkerheita, båe to.

Tenk at her sat eg og liknast slik på ein av mine, at det forplanta seg gjennom telefonrøyret. Bjørn ante ikkje korleis eg såg ut eingong. Han kjende meg rett og slett att i pappa sin måte å prate med andre på.

Veremåten.

Bjørn fekk sikkert eit nytt, godt syn på tilværet etter kvart. Det seier denne soga ingenting om.

Men, er det ikkje litt fantastisk då- at vi kan liknast nokon utan at det er pga. kroppsfasong, smilehol, augefarge, sveis, fregner, hjulbeinte føter eller øyrestorleik og nasekrumming?

Eg tykte i alle fall det var stas.

Så ser eg no at mine tre blåkopiar også liknast.

Ikkje berre på meg som er mora, men på fedresida og vidare bakover i slekt-skal-følge-slekters-gang, også.

Og det er så fint å sjå det, og å få gå slik på oppdagingsferd i borna sine fakter og trekk, som kanskje ikkje er så særeigne likevel. Dei er planta og vakse fram av generasjonar. Av og til med hopp over både ein og to generasjonar før ein igjen ser at det liknast.

Så kjekt det er, å liknast.

I alle fall i det meste.

Somt er ikkje til å ta opp att.

Som å tygge og smatte for høgt ved middagsbordet, eller å dille med føtene så intenst og høgfrekventert i ei salmestille kyrkje at heile benkerada ristar.

Dette vil vi ikkje liknast med nokon.

foto
Unni Takseth. Fødd i 1969. Opprinneleg frå Eidså i Vanylven, men busett i Ulsteinvik siste 23 åra. Har tre vaksne born. Jobbar på Brilleland, og har ein stor pasjon for å skrive poesi/noveller /kåseri på fritida.